Planen for oppdrettsanlegg i Plommevika er sendt til endeleg avgjerd i KDD

Statsforvaltaren tilrår i oversending til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) at detaljreguleringsplanen for Plommevika ved Hardangerfjorden i Ullensvang kommune ikkje vert godkjend.

Publisert 12.05.2026

Føremålet med planen er å leggje til rette for å byggje eit landbasert oppdrettsanlegg i fjellhall med tilhøyrande kaianlegg, veganlegg og funksjonar som kontorbygg og lager til anlegget. Oppdrettsanlegget er planlagt i Plommevika på Torsnes ved Hardangerfjorden.

Kommunen og Statsforvaltaren har hatt omfattande dialog i denne saka. Statsforvaltaren hadde på eit tidleg tidspunkt motsegn til planen, og det har mellom anna vore gjennomført to meklingsmøte. Det vart ikkje oppnådd semje, og Ullensvang kommunestyre kunne ikkje eigengodkjenne planen. Dei bad såleis om at planen vart sendt til KDD for endeleg avgjerd.

Eit slikt stort oppdrettsanlegg vil kunne vere viktig for matproduksjon, mattryggleik, kommunale skatteinntekter og lokale arbeidsplassar. Det vil også vere ein fordel at anlegget kan koplast på fjellanlegget til Torsnes kraftverk. Kommunen ønskjer sterkt ei slik etablering. 

Statsforvaltaren kan likevel ikkje sjå at fordelane for kommunen og næringa vil kunne forsvare så store konfliktar med nasjonale interesser. Eit oppdrettsanlegg i Plommevika som planlagt vil ytterlegare forverre miljøtilstanden i Hardangerfjord-systemet slik at miljømåla etter vassforskrifta ikkje kan oppnåast.

Plommevika er den fjerde plansaka frå Vestland som per no ligg til slutthandsaming i Kommunal- og distriktsdepartementet. I første halvår i 2025 sende Statsforvaltaren i Vestland desse tre detaljreguleringsplanane til departementet:

  • Eit næringsområde på Eide i Øygarden kommune – motsegn frå Statsforvaltaren mellom anna grunna konflikt med hubro
  • Eit næringsområde på Lundestranda i Stad kommune – motsegn frå Statens vegvesen mellom anna grunna i trafikktryggleik
  • Eit næringsområde i Ådnamarka sør i Bjørnafjorden kommune – motsegn frå Statsforvaltaren mellom anna grunna konflikt med elvemusling

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.