Naturmangfald eller næring ved Loi?

Kulturlandskapet ved Loi
Kulturlandskapet ved Loi Foto: Tore Larsen.

Utbetringa av Seimsdalstunnelen i Årdal kommune vil gje om lag 250 000 m³ overskotsmasse. Grunna konflikt med store naturverdiar har Statsforvaltaren rådd frå å gje dispensasjon for å legge massane i eit større steindeponi ved Loi.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.04.2021

Etter at kommunen i ei tid har leita etter alternative deponiområde på land, vart eit areal ved Loi peika ut som eigna til å plassere store deler av overskotsmassane frå utbetringa av Seimsdalstunnelen. Størstedelen av området er sett av som næringsområde i kommuneplanen, med krav om utarbeiding av reguleringsplan, mens eit område i nord er landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område). Massane er snart tilgjengelege, og grunna tidspress ønskte kommune å handsame saka som dispensasjon frå plankravet og frå LNF-formålet i kommuneplanen.   

Ei tidlegare registrering av nattsommarfuglen og halvmøllen tiriltungesmalmott, som er på raudlista som sårbar, tilseier at området kan ha stor naturfagleg verdi. Kommunen hyra difor inn ein økolog til å lage eit miljøfagleg notat basert på tilgjengeleg kunnskap om naturverdiane ved Loi. Området har tidlegare ikkje vore undersøkt i felt.

Dei tidlegare funna, og andre potensielt viktige naturverdiar skildra i notatet, viste at området kunne ha høg naturfagleg verdi. Det kom fram at det var behov for betre kunnskap om naturverdiane for å kunne sjå verknadene av eit stort steindeponi. Etter ønskje frå kommunen var Statsforvaltaren på synfaring i området 16. april. Dette er i tidlegaste laget for kartlegging av naturmangfald, men det vart likevel gjort fleire interessante funn, m.a. av insektartar som støttar opp om den tidlegare verdivurderinga av området for naturmangfald. Eitt av insekta var første kjente registrering i tidlegare Sogn og Fjordane. I tillegg blei den sjeldne og raudlista naturtypen leirravine påvist, og det vart registrert eit gulsporvpar (raudlista som nær truga) på sannsynleg hekkeplass. 

Det er ei nasjonal målsetjing at tapet av biologisk mangfald skal stoppast. Nedbygging av areal til ulike føremål vert samla sett rekna som eit av dei største trugsmåla mot naturtypar og artar i Noreg. Statsforvaltaren ser det såleis som viktig at kommunane i arealplanlegginga tek vare på område som er viktige for naturmangfaldet. Ut frå kjent kunnskap om naturverdiane ved Loi vil både raudlista naturtypar og artar bli råka som følgje av eit større steindeponi i området. Statsforvaltaren har difor sterkt rådd frå å gje dispensasjon. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.