Barn og unge

Som planstyresmakt er det ei viktig oppgåve for kommunen å sikre born og unge eit godt oppvektsmiljø, og syte for at deira interesser vert høyrde. Kommunestyret skal syte for å etablere ei  særskilt ordning for å ivareta born og unge sine interesser i planlegginga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.01.2019

Nasjonale mål

I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand er eit nasjonalt resultatmål: "Ved boliger, skoler og barnehager skal det være god adgang til trygg ferdsel, lek og annen aktivitet i en variert og sammenhengende grønnstruktur med gode forbindelser til omkringliggende naturområder".

Viktige nasjonale mål er også nedfelt i Rikspolitiske retningslinjer for barn og planlegging. Viktige nasjonale mål er å:

a. "Sikre et oppvekstmiljø som gir barn og unge trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkninger, og som har de fysiske, sosiale og kulturelle kvaliteter som til enhver tid er i samsvar med eksisterende kunnskap om barn og unges behov".
b. "Ivareta det offentlige ansvar for å sikre barn og unge de tilbud og muligheter som samlet kan gi den enkelte utfordringer og en meningsfylt oppvekst uansett bosted, sosial og kulturell bakgrunn".

 

Plan- og bygningslova stiller krav

I plan- og bygningslova av 2008 er både krav og verkemiddel for å ivareta born og unge sine interesser i planlegginga styrka. Alle som fremjar planar, dvs. private, kommunar, regionale styressmakter og andre offentlege instansar, skal etter lova ta omsyn til born og unge i planlegginga, og må leggje til rette for gode bumiljø og gode oppvekst og levekår. Lova set krav til private og offentlege som utarbeidar planar, om å sikre medverknad frå born og unge. Kommunen skal sjå etter at dette er oppfylt i planprosessar som vert gjennomførte av andre offentlege organ og private.

Medverknad skal skildrast i planprogrammet eller i planomtalen, og planen sine verknader og konsekvenser for born og unge skal skildrast. Born og unge er eit tema som skal vurderast i konsekvensanalysar.

Kommunestyret skal sørge for å etablere ei særskilt ordning for å ivareta interessene til born og unge i planleggingen

Omsynet til born og unge er omtalt fleire stader i plan- og bygningslova:
§ 1 : "Prinsippet om universell utforming skal ivaretas i planleggingen og kravene til det enkelte byggetiltak. Det samme gjelder hensynet til barn og unges oppvekstvilkår og estetiske utforming av omgivelsene".

§ 3-1 e) : "Innenfor rammen av §1-1 skal planer etter denne lov legge til rette for god forming av bygde omgivelser, gode bomiljøer og gode oppvekst- og levevilkår i alle deler av landet".

§ 3-3 : "Kommunestyret skal sørge for å etablere en særskilt ordning for å ivareta barn og unges interesser i planleggingen".

§ 5-1 : "Kommunen har et særlig ansvar for å sikre aktiv medvirkning fra grupper som krever spesiell tilrettelegging, herunder barn og unge. Grupper og interesser som ikke er i stand til å delta direkte, skal sikres gode muligheter for medvirkning på annen måte".

Rikspolitiske retningslinjer for barn og planlegging

"Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen" gir konkrete kvalitets- og funksjonskrav til dei areala som blir sette av til born og unge.

Punkt 4 set krav til den kommunale planprosessen. Konsekvensar for born og unge skal vurderast i alle plan- og byggjesaker. Det skal gjerast ei samla vurdering av born og unge sine oppvekstmiljø for å innarbeide mål og tiltak i kommuneplanarbeidet (utvikle ein heilskapleg politikk). Det skal utarbeidast retningslinjer, føresegner eller vedtekter om omfang og kvalitet av areal og anlegg som er av betydning for born og unge. Planprosessen der born er part, skal organiserast slik at ulike grupper born og unge sjølv kan delta.

I punkt 5 i dei rikspolitiske retningslinjene går det fram at areal og anlegg som skal brukast av born og unge skal vere sikra mot ureining, støy, trafikkfare og anna helsefare.

I nærmiljøet skal det finnast areal kor born kan utfalde seg og skape sitt eige leikemiljø. Dette føreset at blant anna at areala:

  • er store nok og er eigna for leik og opphald
  • gir rom for ulike typar leik på ulike årstider
  • kan brukast av ulike aldersgrupper, og gir rom for samhandling mellom born, unge og vaksne

I punkt 5.d. går det fram at det ved omdisponering av areal som i planar er sett av til fellesareal eller friområde som er i bruk eller er eigna for leik, skal skaffast fullverdig erstatning. Erstatning skal også skaffast ved utbygging eller omdisponering av uregulert areal som born brukar som leikeareal, eller dersom omdisponering av areal eigna for leik fører til at dei omsyn som er nemnt i punkt 5b for å møte dagens eller framtidens behov, ikkje blir oppfylt.

Rundskriv (T-2/2008) "Om barn og planlegging" presiserer kommunane sitt ansvar for at all plan- og byggjesakshandsaming ivaretek omsynet til born og unge sitt behov for gode oppvekstvilkår og nærmiljø. Det er kommunen sitt ansvar uavhengig av kven som initierer og utfører planlegginga.

Det er også laga ein eigen temarettleiar - "Barn og unge og planlegging etter plan- og bygningslova".

Tips til planlegginga

  • Ta inn føresegner om utforming, storleik og lokalisering av leikeplassar i arealdelen til kommuneplanen
  • Ha fokus på å sikre trygg og sikker ferdsel mellom bustadområde, skule, frididsaktivitetar og leikeområde
  • Sikre medverknad av born og unge i planprosessen
  • Registrere barnetråkk 

Medverknad 

I kommunal planlegging skal kommunen sjå til at omsynet til barn og unge vert ivareteke. Kommunen skal sikre god medverknad frå innbyggarane i planprosessen. Dette inkluderer naturlegvis born og unge. Kommunen skal legge til rette for at born og unge skal få høve til å kome med innspel og medverke i planprosessen. Barnekonvensjonen legg føringar for at barn og unge får medverke. 

For at barn og unge skal kunne medverke og delta i planprosessen er det viktig med tilstrekkeleg informasjon. I samband med høyringsprosess kan kommunen invitere til folkemøte og legge til rette for møteplassar tilpassa barn og unge si deltaking. Eit samarbeid med skulen kan vere eit døme på ein møteplass for å nå born og unge. Gjennom tverrfagleg samarbeid i kommunen kan ein få til medverknad frå born og unge lagt til t.d. skulen si undervisning. I tillegg har alle skular eigne ungdomsråd som kommunen kan ha kontakt med i planarbeidet. Det er laga ein eigen rettleiar om "Medvirkning i planlegging - Hvordan legge til rette for økt deltakelse og innflytelse i kommunal og regional planlegging etter plan- og bygningsloven".

I tillegg til medverking kan kommunen i planarbeidet nytte ulike metodar for å registrere kvar born og unge oppheld seg og har sine aktivitetar. Gjennom ei slik kartlegging får kommunen eit bilete av born og unge sine aktivitetar i nærmiljøet, og korleis ein kan ta omsyn til dette i den kommunale planlegginga. Døme på slik kartlegging er det digitale registreringsprogrammet  «Barnetråkk». 

Barnekonvensjonen

Barnekonvensjon, artikkel 3, set omsynet til born framfor alle andre omsyn ved alle handlingar som vedkjem born. Barnekonvensjonen gir også økte rettigheiter for born sin medverknad i samfunnsplanlegginga.

1. oktober 2003 blei barnekonvensjonen inkorporert i norsk lov. Barnekonvensjonen blei då teken med i lista over menneskerettskonvensjonar som etter menneskerettslova av 1999 skal gjelde som norsk lov. Det er laga ei forkorta utgåve av Barnekonvensjonen.