Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Energisaker i Vestland i 2020

I ei planendring for Kvanndalselva kraftverk var det planlagt å byggje veg langs Holdhustjernet i Bjørnafjorden kommune. Statsforvaltaren var kritisk til dette, sidan vegen ville bidra til ytterlegare fragmentering og øydelegging av naturområda.
I ei planendring for Kvanndalselva kraftverk var det planlagt å byggje veg langs Holdhustjernet i Bjørnafjorden kommune. Statsforvaltaren var kritisk til dette, sidan vegen ville bidra til ytterlegare fragmentering og øydelegging av naturområda. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Anniken Friis.

Statsforvaltaren i Vestland handsama totalt 102 energisaker i 2020, fordelt på vasskraft, nettanlegg og vindkraft.

Publisert 18.02.2021

Statsforvaltaren får på høyring saker som gjeld utbygging og vedlikehald av vasskraftanlegg, kraftlinjer og vindkraftverk. Ei viktig oppgåve for oss er å vurdere konsekvensar for viktig naturmljø og friluftsinteresser. I tillegg vurderer vi andre tema innan vårt forvaltingsansvar som forureining, beredskap og landbruk.

Energisaker i 2020 fordelt på vasskraft-, nett- og vindkraftsaker:

Sakstype

Vasskraft

Nett

Vind

Sum

Konsesjonssøknad/planendring 10 16 1 27
Detaljplanar/MTA-planar 24 2 0 26
Andre søknadar/planar 1 48 1 50
Totalt 35 66 2 103

Vasskraft

Talet på nye utbyggingsprosjekt har gått ned dei seinare åra. Dette har vore venta, sidan fristen for dei grøne sertifikata nærmar seg. Dei fleste konsesjonssøknadene i 2020 gjaldt planendringar for eksisterande konsesjonar, og det var berre fire av dei ti sakene som gjaldt nye konsesjonssøknader. Vi rådde frå eller meinte at kunnskapsgrunnlaget var for dårleg for fem av dei ti konsesjonssøknadene.

Detaljplanar for miljø og landskap gjaldt anten nye kraftprosjekt eller rehabilitering av eksisterande anlegg. Som det ligg i namnet, er det snakk om detaljutforming innafor rammer/føringar lagt i konsesjonane. Vi ser til at viktig naturmiljø og friluftsinteresser blir ivaretatt så godt som råd. Av andre søknader/planar var det ein søknad om avvik frå manøvreringsreglementet for eit regulert vatn, og dette var knytt til rehabilitering av dammen. 

Nettanlegg

Konsesjonssøknadene og detaljplanane (oftast miljø-, transport- og anleggsplanar, òg kalla MTA-planar) omfatta både store kraftlinjer, planendringar for delstrekningar, og nye transformatorstasjonar. Våre viktigaste innspel gjaldt plassering av master og skogrydding i viktige naturtypar, og omsyn til truga artar. I ei sak hadde vi motsegn mot fleire av trasévala.  

Det høge talet andre typar saker/planar gjaldt tiltak innafor gjeldande områdekonsesjonar. Nokre få av desse sakene gjaldt òg nye kraftlinjer som påverkar sårbar natur. Fleirtalet av foreleggingane gjaldt nettstasjonar, kabelanlegg og kraftlinjer knytt til eksisterande inngrep, og var i hovudsak lite i konflikt med viktig naturmiljø. 

Rydding av kraftgater i gamle og biologisk verdifulle skogområde er i mange tilfelle unødvendig. Eit døme er gamal furuskog, der det er lett å sjå på trea at dei har avslutta høgdeveksten. I slike område har det vore vanleg prosedyre å felle trea, sjølv der dei ikkje når og aldri vil nå opp i farleg avstand til kraftlinene. Slik vil store miljøverdiar kunne gå tapt til ingen nytte. Vi har i fjoråret hatt tett og god dialog og gått opp nokre linjetraséar i lag med nettselskap. Slik har vi i fellesskap kome fram til ein ryddeprosedyre som skånar område med høg naturverdi.

Ulikt mange andre treslag stoppar furu høgdeveksten når trea når ein viss alder, og ulikt andre treslag er det lett å sjå når dette skjer. I vekstfasen har furu ein spiss topp med greiner som peiker oppover. Når treet er utvakse, flatar greinene ut til sida og blir meir horisontale, òg i toppen.
Ulikt mange andre treslag stoppar furu høgdeveksten når trea når ein viss alder, og ulikt andre treslag er det lett å sjå når dette skjer. I vekstfasen har furu ein spiss topp med greiner som peiker oppover. Når treet er utvakse, flatar greinene ut til sida og blir meir horisontale, òg i toppen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Vindkraft

Det var ingen nye konsesjonssøknader eller detaljplanar for vindkraftverk på høyring, men ei planendring som gjaldt forlenga driftsperiode for Guleslettene vindkraftverk. Vår tilråding var å vente på resultat frå etterundersøkingar av effektar på fugletrekket. Vi har òg hatt på høyring revidert etterundersøkingsprogram for dette vindkraftverket. 

Eit generelt problem  med vindkraftsaker er at konsekvensutgreiingane, og dels òg konsesjonane, kan vere 8-10 år gamle, og at eit tynt undersøkingsprogram ikkje er supplert med ny kunnskap slik det bør gjerast etter reglane i naturmangfaldlova. 

Vindmøller på Guleslettene i Kinn kommune.
Vindmøller på Guleslettene i Kinn kommune. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Eyvin Sølsnæs.