Kommunane kan søkje midlar til ladepunkt og andre klimasatstiltak

Kommunar og fylkeskommunar kan framleis søkje om tilskot for å redusere utslepp av klimagassar. Det er sett av 30 millionar til siste runde av utdelinga i 2021. Fristen for å søkje er 15. november. 

Publisert 08.09.2021

Klimasatsmidlane går til prosjekt som bidrar til å kutte utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Det er Miljødirektoratet som fordeler midlane. Gjennom seks år er det no gitt midlar til nærare 1500 ulike prosjekt i norske kommunar. Kommunar som får støtte må rapportere på klimaeffekt og resultat før midlane vert utbetalt.

I denne runden kan det søkjast om tilskot til

  • meirkostnader for klimatiltak i konkrete innkjøp
  • tidleg kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg
  • ladepunkt, berre for kommunar som har fått lite, eller inga støtte til dette tidlegare

Les meir på nettsida til Miljødirektoratet.

I poddkasten til Miljødirektoratet kan du høyra korleis andre kommunar jobbar med lokalt klimaarbeid.