Klimapodcast og webinarer

Alle som jobbar med klima i kommunar og på fylkesnivå, kan oppdatere seg på klimaarbeid gjennom webinarer og ein nystarta podcast frå Miljødirektoratet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.09.2019

Podcasten er for deg som er interessert i korleis kommunane kan redusere utsleppa av klimagassar, med historier og praktiske erfaringar frå ordførarar og fagfolk i kommunar over heile landet.

Tre episodar er lagt ut, og framover kjem det ein ny episode kvar 14. dag. Du kan høyre episodane når du vil med ein podcast-app på mobilen, eller på nettsida www.klimapodcast.no.

Webinarer om lokalt klimaarbeid

Miljødirektoratet arrangerer webinarer om lokalt klimaarbeid for kommunar, fylkesmenn og andre. Gjennom halvanna år er det helde 30 webinarer, og utover hausten blir det ni nye webinarer om både utsleppskutt og klimatilpasning. Klikk her for program for hausten og lenke til tidlegare webinarer.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar