På jakt etter framtidsretta løysingar på Landbrukskonferansen for Vestland

Gode innspel og stor aktivitet på landbrukskonferansen.
Gode innspel og stor aktivitet på landbrukskonferansen. Foto: Karsten Valland, Innovasjon Norge.

Korleis kan vi saman byggje eit sterkt og klimavennleg landbruk for framtida? Dette var hovudtema på konferansen på Voss 15.-16. september.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.09.2021

Det er berre ei tynn jordskorpe mellom oss og hungersnauda. Desse orda frå W. Churchill konkretiserer det konferansen tok utgangspunkt i; kva landbruk og god bruk av ressursar eigentleg betyr for livet på jorda.

For å nå mange av FN sine berekraftmål må vi dyrke meir jord, og vi må gjere det på ein måte som tek vare på klimaet. Likevel ser vi at mykje god matjord blir bygd ned. Vi forbrukar for mykje, vi kastar for mykje mat og vi tenkjer ofte for kortsiktig. Det er lett å tenkje at udyrka mark ikkje har stor verdi og at dei små flekkane her og der ikkje betyr noko. Heilskapstenking er komplisert. På konferansen dvela vi ikkje lenge ved det mørke bakteppet, men snakka om løysingar.

Å skape grobotn for nye generasjonar

Elevar frå Voss vidaregåande skule toga inn med trillebårer og arbeidsklede, og opna konferansen med tankar og ynskje for landbruksutviklinga i Vestland. Ungdommane er opptekne av det nye som kjem og ligg i framkant av utviklinga. Kva skal til for at ein skal velje det yrket ein har lyst på? Ungdommane vil gjerne realisere draumane sine, og for å få dette til må landbruket løftast og utviklast i fellesskap.

Korleis kan vi, lokalt og i fellesskap, auka statusen på jordressursane?

Det faglege innhaldet i konferansen starta med ein paneldialog omkring jord og kva vi sjølve kan gjere for å ta vare på den dyrebare jorda. Jordmasseprosjektet i Nordhordland, prosjektet 100 dagar sjølvforsynt rundt Bjørnafjorden og eit spanande samskapingsprosjekt i Stad, med bygdevariasjon av Urbant landbruk, er gode eksempel. Ved å flytte jord som vert bygd ned kan ein betre eller og byggje nye dyrkbare areal. Også små areal er verdifulle.10 m2 kan produsere årsforbruket av poteter til ein nordmann. Paneldeltakarane viste gode eksempel på korleis ein kan gje auka kunnskap om den dyrebare jorda til politikarar og innbyggarane, ved å kommunisere klarare og synleggjere potensiala, og ved å involvere så mange som mogeleg i dyrking og aktivisering av jord.

Gode og innovative løysingar for framtida?

Gunnhild Jaastad frå Nibio Ullensvang gav gode eksempel på korleis ein kan tenkje nytt omkring ressursforvaltning. Larvar som et avfall og blir til dyrefor er eit eksempel på dette.

Korleis kan CO2 frå garden og husdyrgjødsel bli til fôr? På Folven Gård vert det gjort eit stort og innovativt arbeid på dette området. Dei viser veg i sirkulærøkonomien, og dei ser aktiviteten i perspektiv dei færraste ser.

På gardane våre har det vore jordbruk i 4000 år, dei grepa og innovasjonen vi gjer no er for å sikre at det er jordbruk der i 4000 år til. (Dag Hjelle, Folven Gård)

Norsk Landbruksrådgjeving og Nibio gav oss gode eksempel på korleis ny teknologi kan gjere landbruket meir miljøvenleg og føre til meir økonomisk drift. Dette er viktig for å gje landbruket verktøy og løfta drifta.

Aktivitetar og nettverksbygging

Praktiske aktivitetar skapar god læring, og aktiviteten var stor då case frå lokale bønder gav grunnlag for workshop rundt klima og innovasjon.

Elles gav programmet rom for nettverksbygging. Det var tydeleg glede over å kunne samlast att. Erfaringsdeling prega konferansen, både fagleg og sosialt.

Victor D. Norman avslutta konferansen med interessante perspektiv på landbruk og distriktsutvikling. Han understreka at norsk næringsliv har mykje å lære av landbruket, og at ingen andre næringar gjer det så bra innan produktivitet, teknologiutvikling og produktutvikling. At landbruket og distriktsutvikling ikkje er så tett kopla saman meiner han er bra, og han gav råd om å tenkje nytt. Om folk skal vilje flytte til bygda vil dei ha noko anna enn eit mini-Grünerløkka, sa han i innlegget sitt.

Det trengs mange gode krefter i innsatsen for berekraft og nyskaping. Vi gjer grep i kvardagen, nyttar ny teknologi og nye tankar. Kvar dag er ein liten sprint. Men det store målet er å kunne drive jordbruk på gardane også 4000 år fram i tid.

Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge, Vestland står bak landbrukskonferansen, som er ein viktig møteplass for næringsutvklingsaktørar innan landbruk i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.