Månadsvarsel for juni

Juni vert kaldare enn i fjor. Sjølv om vi får varme og fine dagar, vil temperatur og nedbør for heile månaden ligge nær det som er normalt for juni.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.06.2021

Gjennom forskingsprosjektet Climate Futures vert det no prøvd ut månadsvarsel og sesongvarsel som er basert på statistikk og vêrdata dei siste 30 åra. Dette er ikkje ei vêrmelding, men det det mest sannsynlege vêret samla for perioden.

Juni 2020 hadde varmerekordar, med det er lite sannsynleg at dette skal gjenta seg i 2021. Både nedbør og temperatur ser ut til å treffe omtrent på det som er gjennomsnittet for dei siste 20 åra.

Månadsvarsel vert oppdatert annakvar veke og gjeld for dei neste seks vekene.

Sesongvarselet frå Climate Futures finn du i høgre marg.

image77vx.png

Månadsvarsel for temperatur for perioden 31. mai - 7. juni, og 7. juni - 14. juni 2021 som viser varsla avvik frå "normalen". Norge ligg i kvit sone som betyr "som normalt".

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.