God jul frå landbruksavdelinga
Jula er ei høgtid med mange tradisjonar. Desse er viktige for dei fleste av oss. Vi ønskjer alle ei god jul, med råd om eit friskt tre, gåver og berekraftig gåvepapir.
Juletreet treng omsorg
Juletreet er eit levande tre henta frå skogen. Treet treng omsorg for å kunne spreie juleglede i heimen. Det første du kan gjere er å gi treet ein mjuk overgang frå kulde til varme, særleg om det er frost. Eit friskt snitt og vatn med ein dose blomsternæring i er bra for å gi treet den næringa det treng. Treet bør ha kontakt med vatn heile jula, og helst få påfyll med friskt vatn.
Forventningane, lukta og hygga med å få inn eit friskt og fint juletre er eit høgdepunkt i juleførebuingane. Jula er og blir tradisjon, så la treet, det friske levande, vere ein del av det også i framtida.
Norske eple til jul
I år har det vore norske eple i butikkane heile hausten. Ved å bruke same lagringsmåte som i Europa held epla seg like friske som om dei var nyplukka frå treet. Er du heldig så kan du finne fem ulike eplesortar i butikken: Elstar, Rubinstep, Eden, Fryd og Aroma. Dette er eple som held seg godt, ser fine ut og smakar godt. Dei bør absolutt prøvast!
Brukte gåver
Dei siste åra er det vorte meir vanleg å handle brukt. Dei unge er særleg opptatt av dette. Ting som vi ikkje får kjøpt i kjedebutikkane har fått ein ny status, og kan vere populære gåver. Er du så heldig å ha ein bruktbutikk i nærområdet ditt, har du også eit skattkammer. Her kan det når som helst kome inn varer som fell i smak. Det kan vere ting til pynt, møblar, kjøkkenreiskap eller klede. Kanskje du skal handle brukt til jul i år?
Berekraftig gåveinnpakning
Nordmenn brukar om lag 60 millionar meter gåvepapir kvar jul. Både papir og band er ofte av slikt materiale at det må gå i restavfallet. Kva med å tenkje kreativ og berekraftig innpakning? Du kan pakke gåver i avispapir eller bruke gamle blad. Du kan også bruke stoffrestar. Om du har klede du ikkje brukar meir kan du pakke gåver i dei eller sy dei om til gåveposar. Du kan også ta vare på gåvepapiret frå i år, og bruke det om att neste år, eller finne din eigen kreative vri.
Landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland ønskjer deg ei god jul, og alt godt for det nye året som kjem!