Fagleg samling om integrering
- Dato:
- 22. september 2026 09:00 - 16:00
- Stad:
- Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6, 5015 Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i kommunane som arbeider med oppgåver etter integreringslova
Vi inviterer tilsette i kommunane som arbeider med oppgåver etter integreringslova, til ei fagleg samling i Bergen sentrum 22. september 2026.
På samlinga vil vi mellom anna ta opp tema innan kvalifisering og arbeidsliv. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) vil halde eit innlegg om arbeidsretta opplæring og samspel mellom opplæring og praksis. Vi har òg invitert Integrerings- og mangfaldsdirektoratet til å bidra med eit fagleg innlegg. I tillegg blir det presentasjon av rapporten «Klager etter integreringsloven – kartlegging og analyse av årsaker til få klagesaker» frå Proba samfunnsanalyse.
Samlinga vil vere på Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6, 5015 Bergen. Det faglege programmet startar tidlegast kl. 09.00 og avsluttar kl. 16.00. Statsforvaltaren dekkjer dagpakker. Kommunane bestiller og betaler sjølve reise og eventuell overnatting.
Frist for påmelding er 7. september 2026, og de melder dykk på via denne lenka til høgre. Samlinga er fysisk, og det er ikkje mogleg å delta digitalt.
Ta gjerne kontakt med alan.khaderi@statsforvalteren.no dersom de har spørsmål om samlinga.
Vi ser fram til å møte dykk og til gode faglege samtalar.
- Dato:
- 22. september 2026 09:00 - 16:00
- Stad:
- Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6, 5015 Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i kommunane som arbeider med oppgåver etter integreringslova
Kontaktpersonar
-
Alan Khaderi
Tlf: 57 64 31 07