Webinar om realkompetansevurdering i førebuande opplæring for vaksne

Dato:
29. mai 2026 10:00 - 12:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunale tenester som arbeider med flyktningar

Fredag 29. mai inviterer vi alle kommunar i Vestland til ei digital samling om regelverk knytt til realkompetansevurdering og presentasjon frå Anette Lund om gjennomføring av realkompetansevurdering. 

Publisert 13.05.2026

Dette blir ei digital samling om teamet realkompetansevurdering i førebuande opplæring for vaksne. Vi har fått med oss førelesar ved OsloMet Anette Lund som skal halde innlegg. Føremålet med samlinga er å informere kommunar om regelverket og korleis ein kan gjennomføre realkompetansevurdering knytt til deltakarar på førebuande opplæring for vaksne. Teamet er retta mot kommunale tenester som arbeider med deltakarar på FOV, men det er og moglegheit for fylkeskommunale tenester å melde seg på dersom de vil det. 

Meld deg på via lenka på høgre side. Vi gjennomfører samlinga på teamsplattforma, og du vil få ei møteinnkalling dagen før.

Frist for påmelding er 28. mai 2026. 

Dato:
29. mai 2026 10:00 - 12:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunale tenester som arbeider med flyktningar