Dialog Skog 2/26 - Kalibrering resultatkartlegging 2026
- Dato:
- 14. april 2026 09:00 - 10:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, Landbruksavdelinga
Resultatkartlegging skog og miljø gjer viktig informasjon om stoda og utviklinga for skogen og kvart år blir det trekt ut 3 år gamle hogstfelt for kontroll.
Nokre kommunar med mykje aktivitet i skogen har kvart år opptil fleire felt mens andre kommunar har fleire års opphald før det igjen blir trekt ut felt. Sidan SKART-appen blei lansert i 2022 er det lettvint å stå ute i felt med mobil/nettbrett, men det er mange punkt å fylle ut og det kan vere nokre spørsmål som ein er usikker på.
Dette webinaret gjev litt tips i forhold til planlegging før ein dreg ut i felt, det er mykje verdifull informasjon ein finn i ØKS. Det blir ein gjennomgang av nokre av punkta med tanke på best mogleg kvalitet av datamengda ein får etter ei slik kartlegging og kva ein gjer i etterkant av kartlegginga.
Vi går gjennom nokre døme og satsar på god diskusjon undervegs. Vi satser samstundes på å gje god oppfølging undervegs i sesongen og det er ikkje slik at webinaret er essensielt for å klare ei resultatkartlegging. Men vi håpar at dykk som gjer jobben i kommunane kan delta på dette før barmarksesongen startar for fullt.
Opptak av webinaret vil bli lagt ut på vår youtube-kanal i etterkant.
- Dato:
- 14. april 2026 09:00 - 10:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, Landbruksavdelinga