Informasjonsmøte om nettverk for førebygging av vald og overgrep mot barn og unge
- Dato:
- 2. mars 2026 14:00 - 15:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren, RKBU Vest, RVTS Vest, Tannehelsetenesens kompetansesenter og KORUS Bergen
- Målgruppe:
- Kommunar som ikkje allereie har 3-7 faste deltakarar i nettverket. Vi inviterer særleg kommunalsjefar med ansvar for tenester til barn og unge, tilsette med nøkkelroller knytt til det valdsførebyggande arbeidet eller med ansvar for å sikre at tilsette i skule og barnehage har naudsynt kompetanse, valdskoordinator, opplæringsansvarlege, SLT-koordinator, BTI-koordinator
- Påmeldingsfrist:
- 26. februar 2026 23:59
Vi inviterer kommunar som ønskjer å bli betre på å førebygge vald og overgrep mot barn og unge med i nettverket.
Nettverk for førebygging av vald og overgrep mot barn vart starta hausten 2024, og omlag 30 kommunar i Vestland er med saman fire kompetansesenter og Statsforvaltaren. Vi inviterer alle interesserte til informasjonsmøte. Her får du meir informasjon om nettverket, svar på spørsmål og informasjon om kva som må på plass for at din kommune kan bli medlem av nettverket.
Kven er nettverket relevant for?
Nettverket er relevant for alle kommunar som ønskjer å arbeide systematisk for å sikre at alle tilsette som møter barn, unge og foreldre har naudsynt kompetanse til å
- fange opp signal på at barn ikkje har det bra
- tryggleik til å snakke med barne om det dei ser
- handlingskompetanse til å vite korleis dei kan hjelpe barn og unge som dei veit eller mistenkjer har vore utsett for vald og overgrep.
Alle tilsette i kommunale tenester som møter barn og unge skal ha kunnskap og kompetanse til å fange opp signal på at barn eller unge kan vere utsett for vald eller overgrep. Dei skal kunne ivareta barnet, vite kven dei skal kontakte, og vite korleis dei skal reagere dersom dei mistenker vald og eller overgrep. Det er kommunen sitt ansvar å sørge for at alle tilsette som møter barn og unge har denne kompetansen, i tråd med nasjonal fagleg retningslinje
«Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge».
Vi arrangerer også ei fysisk samling i nettverket 18.-19. mars for kommunane i nettverket, sjå meir på våre sider: Samling i nettverk for førebyggande arbeid mot vald og overgrep mot barn og unge | Statsforvaltaren i Vestland
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet, og vi kan dele informasjonen din med medarrangørar. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».
- Dato:
- 2. mars 2026 14:00 - 15:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren, RKBU Vest, RVTS Vest, Tannehelsetenesens kompetansesenter og KORUS Bergen
- Målgruppe:
- Kommunar som ikkje allereie har 3-7 faste deltakarar i nettverket. Vi inviterer særleg kommunalsjefar med ansvar for tenester til barn og unge, tilsette med nøkkelroller knytt til det valdsførebyggande arbeidet eller med ansvar for å sikre at tilsette i skule og barnehage har naudsynt kompetanse, valdskoordinator, opplæringsansvarlege, SLT-koordinator, BTI-koordinator
- Påmeldingsfrist:
- 26. februar 2026 23:59