Dialog Skog 1/26 – Skogforsikringar i Skogbrand
- Dato:
- 3. mars 2026 09:00 - 10:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Skogansvarlege i kommunane, skognæringa
Tema for webinaret er skogforsikring. I dag er dette eit tilbod til skogeigarar frå eit selskap som heiter Skogbrand. Dei vil fortelje om verksemda si, og med stormen Amy friskt i minne, vil det vere særleg merksemd på stormforsikring.
I Vestland er berre 8 % av det produktive skogarealet forsikra mot storm. På andre sida av fjella ligg det på 50 %.
Det vil vere nyttig for kommunane å kunne det grunnleggande om forsikring, i sitt møte med skogeigarar. Med finansiering over skogfond er skogforsikring særs gunstig. Det er eit mål å få auke dette, spesielt for dei med store tømmerressursar.
Lenke til webinaret vert sendt ut til alle påmelde like før arrangementet.
Det er gratis å delta, men du må registrere deg i forkant. Det vert sett av tid til å svare på spørsmål frå deltakarane.
- Dato:
- 3. mars 2026 09:00 - 10:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Skogansvarlege i kommunane, skognæringa