Velkomen til inspirasjonssamling om TryggEST
- Dato:
- 21. januar 2026 08:30 - 10:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- USHT Trøndelag (Sør og Nord), USHT Møre og Romsdal, USHT Vestland (Sogn og Fjordane), USHT Vestland (Hordaland), USHT Rogaland, USHT Helse Fonna, Bufdir, Statsforvalteren i Trøndelag, Statsforvalteren i Møre og Romsdal, Statsforvaltaren i Vestland, RVTS Midt og RVTS Vest
- Målgruppe:
- Politisk leiing, helseleiarar, brukarråd, eldreråd, tilsette i helse- og omsorg, frivillige organisasjonar og andre aktuelle
Systematisk arbeid med vald og trugsmål kan vere krevjande å få til i praksis. Vi inviterer til digital samling om TryggEST.
Publisert 08.12.2025
TryggEst gjev kommunane struktur, verktøy og støtte – og på inspirasjonssamlinga får de innsikt i modellen, erfaringar frå andre kommunar og informasjon om tilskotsmidlar.
Møtet krev ikkje noko påmelding, du deltek via følgjande lenkje: Bli med i samtalen
Formålet med samlinga er å gje informasjon om TryggEst-modellen. Det kan vere ei hjelp til kommunar med å systematisere arbeidet med å førebyggje, avdekkje og handsame valdssaker for risikoutsette vaksne.
- Førebygging: TryggEst aukar medvitet og kompetansen hjå tilsette i helse- og omsorgstenestene for å identifisere risikofaktorar tidleg.
- Avdekking: TryggEst bidreg med rutinar og verktøy som gjer det enklare å melde frå om uro og mistanke om vald.
- Handsaming: TryggEst sikrar at saker blir følgde opp på ein trygg, føreseieleg og profesjonell måte.
Innhald på inspirasjonssamlinga om TryggEst:
- TryggEst nasjonalt ved Barne-, ungdoms- og familiedirektoraret (Bufdir)
- Kva oppnår kommunane med å bli TryggEst-kommune? Korleis kan arbeidet organiserast?
- Tilskotsmidlar og søknadsfrist
- Praktisk erfaring med TryggEst ved Brit Nora Walstad TryggEst-koordinator Meråker kommune og Martin Wagelund Strøm, RISK kontakt ved politiet i Stjørdal
- Praktisk erfaring med TryggEst frå kommunar på Vestlandet ved Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT)
- Moglegheiter for å stille spørsmål