Nettmøte om endringar i konsesjonslova
- Dato:
- 11. september 2025 09:00 - 10:30
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i landbruksforvaltning eller andre i kommunane som har å gjere med saker etter konsesjonslova
- Påmeldingsfrist:
- 10. september 2025 10:30
I møtet vil du få informasjon om endringar i konsesjonslova frå 1. juli 2025 og 1. januar 2026.
Stortinget har vedteke ein del endringar i konsesjonslova. Lova blei sanksjonert 6. juni 2025. Dei fleste endringane tok til å gjelde frå 1. juli 2025. Då det var kort tid til sommar og ferie, fann vi det riktig å informere om endringane skriftleg i juni. Samtidig annonserte vi eit nettmøte om endringane etter sommarferien. Vi inviterer derfor no til eit nettmøte om desse endringane.
Kort om endringane
De finn endringslova her: Lov om endringer i konsesjonsloven (priskontroll på skogeiendommer, konsesjon til selskaper med begrenset ansvar og stiftelser m.m.) - Lovdata
De vil sjå at det er vedteke delt iverksetting. Dei fleste endringane tok til å gjelde frå 1. juli 2025. Nokre skal gjelde frå 1. januar 2026.
Tema for nettmøtet er:
- Gjennomgang av endringane i konsesjonslova.
- Felles runde med spørsmål, erfaringsdeling og moglege avklaringar.
Nettmøtet rettar seg spesielt mot tilsette i landbruksforvaltninga eller andre i kommunane som har å gjere med saker etter konsesjonslova.
- Dato:
- 11. september 2025 09:00 - 10:30
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i landbruksforvaltning eller andre i kommunane som har å gjere med saker etter konsesjonslova
- Påmeldingsfrist:
- 10. september 2025 10:30