Kurs i akuttmedisin Nordhordland legevakt
- Dato:
- 8. september 2025 10:00 - 9. september 2025 16:00
- Stad:
- Region Nordhordland Helsehus – RNH, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Arrangør:
- Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
- Målgruppe:
- LIS1 i kommunehelsetenesta i Hordaland + Gulen kommune
- Påmeldingsfrist:
- 22. august 2025 23:59
Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i september 2025 og er ei blanding av teori og praksis.
Alle må gjennomføra eit obligatorisk nettbasert forkurs. Hugs å ta med kursbeviset ved oppmøte.
Dersom du har spørsmål om kurset, ta kontakt med fagansvarleg ved Nordhordland legevakt Ann-Christin Sagstad på e-post.
Program kjem seinare.
Reiseutgifter og overnatting
Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og reiseutgifter. Reiseutgifter vert dekka etter billegaste reisemåte. Vi dekkjer ikkje reisetid, nattillegg eller kostgodtgjersle.
Statsforvaltaren dekkar overnatting mellom kursdagane, inntil 1 300 kroner, for dei med meir enn ein time reisetid (gjeld ikkje for LIS1 i Bergen, Øygarden, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Masfjorden, Austrheim og Vaksdal). Om du har rett på å få dekka overnatting, må du sjølv legga ut for overnattinga og skriva det på reiserekninga. Dekking av overnatting dagen før kursstart må de avklara med Statsforvaltaren.
Reiserekninga skal de sende til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiing reiserekning, som du finn under «Dokument».
Ved å melda deg på denne samlinga, samtykker du til at namn og kontaktinformasjon blir delt med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 8. september 2025 10:00 - 9. september 2025 16:00
- Stad:
- Region Nordhordland Helsehus – RNH, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Arrangør:
- Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
- Målgruppe:
- LIS1 i kommunehelsetenesta i Hordaland + Gulen kommune
- Påmeldingsfrist:
- 22. august 2025 23:59