Kurs i akuttmedisin Helse Førde
- Dato:
- 10. september 2025 08:30 - 11. september 2025 15:30
- Stad:
- Helse Førde, auditoriet 2. etg.
- Arrangør:
- Helse Førde
- Målgruppe:
- LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i september 2025, og er ei blanding av teori og praksis.
Påmelding og informasjon finn du i Læringsportalen til Helse Førde.
Registrer ny brukar med ekstern profil
Om du har intern tilgang til Helse Førde sin Læringsportal frå tidlegare, må du ikkje melda deg på kurset via denne tilgangen. Tilgangen blir stengt ved kurstidspunktet, og du vil derfor ikkje få viktig informasjon og dokumentasjon for gjennomføring av kurset. Registrer deg på ny med ekstern profil (sjå rettleiing under «Dokument») , men skriv berre inn fødselsdato (ikkje heile fødselsnummeret). Systemet godtek ikkje to profilar som viser til same fødselsnummer.
Som tilsett i kommunehelsetenesta må du velja kommunesektor Sogn og Fjordane under «organisasjon» for å få tilgang til rett kurs. Kurset finn du i kurskatalogen. Utfyllande informasjon om kurset og korleis du loggar på læringsportalen finn du på Helse Førde si heimside.
Obligatorisk forkurs
Alle må gjennomføra eit obligatorisk nettbasert forkurs utarbeida av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin før oppmøte. Lenka til kurset ligg under «kursets målbeskrivelse» i Læringsportalen til Helse Førde.
Overnatting og reiseutgifter
Kursansvarleg, Helse Førde, reserverar hotellrom og tek kontakt i forkant av kurset. Statsforvaltaren dekkjer kursavgift, og overnatting mellom kursdagane til dei med meir enn ein time reiseveg. Du må sjølv legga ut for dette, og skriva det på reiserekninga. Vi dekkjer ikkje reisetid, nattillegg eller kostgodtgjersle. Reiseutgifter vert dekka etter billegaste reisemåte.
Reiserekninga skal de senda til Statsforvaltaren i Vestland, sjå rettleiing under «Dokument».
- Dato:
- 10. september 2025 08:30 - 11. september 2025 15:30
- Stad:
- Helse Førde, auditoriet 2. etg.
- Arrangør:
- Helse Førde
- Målgruppe:
- LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Kontaktpersonar
-
Lise Kvam
Tlf: 57 64 31 86