Skogsamling Vestland 2022

Dato:
21. april 2022 10:30 - 22. april 2022 15:00
Stad:
Scandic, Voss
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunar og organisasjonar knytt til skogbruk
Påmeldingsfrist:
11. april 2022 10:00
Flott furutømmer i Os
Flott furutømmer i Os Foto: Dirk Kohlmann / Statsforvaltaren i Vestland.

Statsforvaltaren i Vestland inviterer til ei etterpandemisk og fysisk samling for skogansvarlege i kommunane, representantar frå skognæringa, organisasjonar og forskingsmiljø.

Publisert 28.02.2022

Sjølv om skogen er seintveksande må forvaltninga ikkje kvile. Vi har mange presserande oppgåver,  som den manglande forynginga etter hogst, forsømt ungskogpleie, skadar på planter og skog, vegbygging og vernskog. Samstundes må vi drøfte kommunen si rolle som samfunnsaktør. Skog kan skape regional næring, men då må fleire ivre for næringsutvikling i skogbruket. Vi må ha eit mål om høg tømmeromsetning og -foredling i fylket på sikt.

I ei tid med klimaendringar vert klimatilpassing ei stadig viktigare forvaltningsoppgåve. Det å ta vare på skogen sine funksjonar innan  vern mot naturfarer må sige inn i den kommunale kvardagen.

Programmet er ikkje heilt ferdig, men vil oppdaterast etter kvart, sjå på høgresida.

Vi ber dykk om påmelding innan 11.april via skjemaet i denne meldinga. Kostnader for overnatting og middag må deltakarane dekke sjølv.

Obs! Hugs klede som er eigna til utferd i skogen på dag to.

Ved å melde deg på denne samlinga kan namn og kontaktinformasjon bli delt med hotell  og konferanselokale. Les meir om personvern og nettryggleik her.

Velkomen til skogsamlinga på Voss!

Dato:
21. april 2022 10:30 - 22. april 2022 15:00
Stad:
Scandic, Voss
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunar og organisasjonar knytt til skogbruk
Påmeldingsfrist:
11. april 2022 10:00