Barneperspektivet i Nav – erfaringar frå praksisfeltet

Dato:
24. februar 2022 09:00 - 13:15
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav
Påmeldingsfrist:
23. februar 2022 12:00

Målet med samlinga er å auke kompetansen om barneperspektivet ved å formidle døme på korleis Nav kan jobbe heilskapleg med familieoppfølging. Deltakarane får drøfte tema på tvers av Nav-kontor.

Publisert 10.01.2022, Oppdatert 17.01.2022

Vi arrangerer samlinga i samarbeid med Nav Vestland.

Kjetil Grimastad Lundberg frå Høgskulen på Vestlandet vil halde innlegg om fattigdom, barneperspektivet i Nav og prosjektet «Nye mønstre - familiekoordinator». Vi legg til rette for refleksjon i grupper etter innlegget.

Det vert også innlegg om bustadsosialt arbeid mot barnefamiliar. Prosjektet KlarA ved Nav Bergen sør vil fortelje om deira oppfølging av mødrer i låginntektsfamiliar.

Sjå heile programmet under "Dokument". 

Både Nav-leiarar, dei som arbeider med sosiale tenester og dei som arbeider med oppfølging av personar med statleg yting frå Nav er velkomne på samlinga.

Kurset er gratis, og påmeldingsfristen er 23. februar klokka 12.00.

Vi sender innkalling til Teams-møtet før klokka 15.30 den 23. februar til dei som har meldt seg på samlinga.

Dato:
24. februar 2022 09:00 - 13:15
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav
Påmeldingsfrist:
23. februar 2022 12:00

Kontaktpersonar