Leve heile livet-konferanse i Sogndal

Dato:
8. november 2021 09:00 - 16:00
Stad:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland
Målgruppe:
Brukarorganisasjonar, pårøranderepresentantar, representantar for eldreråd, frivillige organisasjonar, representantar for næringslivet, politikarar, kommunedirektørar, ansvarlege for planarbeid i kommunar og fylkeskommune, leiarar og tilsette i helse og omsorgstenestene. Representantar for helseføretak, universitet og høgskular og andre interesserte er også velkomne til å delta.
Påmeldingsfrist:
31. oktober 2021 23:59

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet-arbeidet i Vestland inviterer til konferanse i Sogndal 8. november. Påmeldingsfristen er 31. oktober. 

Publisert 07.09.2021, Oppdatert 19.10.2021

Det regionale støtteapparatet arrangerer to Leve heile livet-konferansar i november. Den eine går føre seg i Sogndal 8. november, og den andre i Bergen 15. november. Programmet for dei to konferansane er heilt likt. Om du vil melde deg på konferansen i Bergen, så finn du denne her. 

Ny fase i reforma

Hovudtema for konferansen er Leve heile livet inn i ny fase, implementering og gjennomføring. Helsedirektoratet vil orientere om kor vi står i reformarbeidet, og kommunar vil dele sine erfaringar knytt til denne fasen. 

Etter lunsj vil vi dele programmet inn i to sesjoner med døme frå kommunane. Den eine sesjonen vil handle om aldersvenleg samfunn med mellom anna bustadtilpassing. Den andre sesjonen vil handle om helsehjelp og samanheng i tenestene.  Vi avslutte dagen med ein paneldiskusjon og spørsmål frå salen.

Programmet finn du under «Dokument».

Målet med konferansen er

  • å vere ein møteplass for ulike aktørar som ønskjer å bidra i arbeidet med gjennomføring av kvalitetsreforma Leve heile livet
  • å skape engasjement og begeistring for reformarbeidet
  • å vere ein stad for informasjonsutveksling og erfaringsdeling

Praktisk informasjon

Det kostar ikkje noko å delta på konferansen, Statsforvaltaren dekker dagpakke for dei som deltek. Eventuelle utgifter til overnatting og reise må deltakarar dekke sjølve. 

Påmelding til konferansen er bindande, og påmeldingsfristen er 31. oktober. Dersom du ikkje møter, eller ikkje melder deg av før fristen, blir du fakturert for dagpakke.

Covid-19

Vi minner om grunnleggande råd for smittevern. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør for å avbestille. Hotellet følgjer myndigheitenes anbefalingar for smittevern. Les meir om smittevernråda hos Folkehelseinstituttet.

Påmeldingsskjema

Skriv "0" om di verksemd ikkje har ressursnummer.

Dato:
8. november 2021 09:00 - 16:00
Stad:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland
Målgruppe:
Brukarorganisasjonar, pårøranderepresentantar, representantar for eldreråd, frivillige organisasjonar, representantar for næringslivet, politikarar, kommunedirektørar, ansvarlege for planarbeid i kommunar og fylkeskommune, leiarar og tilsette i helse og omsorgstenestene. Representantar for helseføretak, universitet og høgskular og andre interesserte er også velkomne til å delta.
Påmeldingsfrist:
31. oktober 2021 23:59