AVLYST: Kurs om tvungen somatisk helsehjelp (kapittel 4A) for helsepersonell i spesialisthelsetenesta

Dato:
6. oktober 2021 09:00 - 12:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren
Målgruppe:
Helsepersonell i spesialisthelsetenesta i Vestland fylke
Påmeldingsfrist:
29. juli 2021 09:59

Vi har valt å avlyse kurset. Vi vil kontakte kvart enkelt helseføretak i Vestland fylke for å gi tilbod om opplæring i regelverket ved eit høve som passar for dei.

Publisert 26.03.2021, Oppdatert 23.06.2021

Statsforvalteren i Vestland inviterer helsepersonell som jobbar i fylkets spesialisthelseteneste til kurs om tvungen somatisk helsehjelp etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

Førebels program: 

  • Når er det aktuelt å vurdere om ein skal gjere vedtak?
  • Gjennomgang av vedtaksskjema med fokus på vanskelege punkt
  • Innsendte problemstillingar
  • Gjennomgang av case

Vi har 300 plassar. Vi tilrår særleg at helsepersonell med ein funksjon som gjer at dei kan dele det dei lærer på kurset vidare i verksemda deltek. Dersom de planlegg å sitte fleire i lag og følgje samlinga, så treng ikkje alle å melde seg på

Vi oppfordrar dykk til å sende inn problemstillingar på førehand. Fristen er 27. september 2021. Problemstillingar kan sendast til Katarina Parteka Aarsnes (trykk på namnet under «Kontaktpersonar» for å få opp e-postadresse). Skriv «Problemstillingar til kurs for spesialisthelsetenesta» i emnefeltet.

Vi arrangerer tilsvarande samling med målgruppa helsepersonell i kommunane i Vestland 5. oktober.

Dato:
6. oktober 2021 09:00 - 12:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren
Målgruppe:
Helsepersonell i spesialisthelsetenesta i Vestland fylke
Påmeldingsfrist:
29. juli 2021 09:59