Fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap 2021

Dato:
25. oktober 2021 11:00 - 26. oktober 2021 14:00
Stad:
SAS Radisson Blu Royal Hotel, (SAS hotell Bryggen, Bergen)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland v/beredskapsseksjonen og helse-, sosial- og barnevernsavdelinga
Målgruppe:
Kommunedirektørar/rådmenn, beredskapskontaktar, kommuneoverlegar, brannsjefar og andre som arbeider med beredskap i kommunane og regionale aktørar.

Hovudtemaet for samlinga vert covid-19-pandemien. Vi ønskjer å bruke den til å dele erfaringar frå jobben som kommunane, helseføretaka, Statsforvalteren og andre har gjort. 

Publisert 14.06.2021

Målsetjinga er å kunne bruke det vi har erfart og lært på godt og vondt under pandemihandteringa, til å kunne gjere ein endå betre jobb i framtida.

Konferansen er under planlegging, og vi håpar at vi i år skal kunne møtast fysisk. Vi oppmodar om at aktuelle deltakarar held av datoane.

Samlinga er særleg aktuell for tilsette i kommunane som arbeider med krisehandtering, beredskap eller andre samfunnstryggleiksoppgåver. Andre regionale aktørar som arbeider med fagområdet vil òg kunna ha nytte av å delta. 

Program, påmeldingsskjema og praktisk informasjon vil bli publisert her så snart dette er klart.