Barnevernsleiar- og læringsnettverkskonferanse

Dato:
22. september 2021 09:00 - 23. september 2021 15:30
Stad:
Clarion Hotell Bergen Airport
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og Styringsgruppa for læringsnettverket
Målgruppe:
Leiarar og tilsette som er involvert i utviklingsarbeid i barnevernstenesta, kompetansemiljø og brukarorganisasjonar på barnevernsfeltet i Vestland.
Påmeldingsfrist:
6. september 2021 00:00

No er påmeldinga opna og førebels program lagt ut. Vi håpar at alle leiarar og tilsette som arbeider med å førebu barnevernsreforma og anna utviklingsarbeid i barnevernstenestene kjem på konferanse. 22.-23. september 2021. 

Publisert 22.06.2021, Oppdatert 22.06.2021

På konferansen vil alle dei pågåande utviklingsprosjekta i læringsnettverket presentere sitt arbeid,  kompetansemiljøa vil presentere seg og sitt arbeid. Barne- og familiedepartementet kjem for å legge fram ny barnevernlov. I tillegg kjem Barne- ungdoms- og familiedirektoratet og gjev siste nytt om reforma og kompetansesatsinga. Vi har òg invitert KS, brukarorganisasjonar og Bufetat til å halde innlegg.

For meir informasjon sjå førebels program. Vi tek atterhald om at det kan komme endringar i programmet.

Konferansen er gratis for personane som er i målgruppa for konferansen, vi dekkjer også middag og overnatting. Reise til og frå samlinga dekkjer kommunane sjølv. Vi gjer merksam på at dersom det vert fleire påmeldte enn det lokala og eventuelle smittevernomsyn gjev rom for, vil vi sette eit tak på kor mange som kan delta frå kvar teneste.

Merknad: Dersom det av smittervernomsyn ikkje skulle vere mogeleg å møtast fysisk, vert samlinga erstatta med eit webinar.

Ved å melde deg på denne samlinga kan namn og kontaktinformasjon bli delt med hotell eller konferanselokale. Les meir om personvern og nettryggleik her.

Påmeldingsskjema

Deltek
Treng du overnatting 22. september til 23. september?
Middag 22. september?
Skal du halde innlegg på samlinga?
Eg samtykker til at namn, tittel og e-postadressa mi kan delast med dei andre som deltek på denne samlinga
Dato:
22. september 2021 09:00 - 23. september 2021 15:30
Stad:
Clarion Hotell Bergen Airport
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og Styringsgruppa for læringsnettverket
Målgruppe:
Leiarar og tilsette som er involvert i utviklingsarbeid i barnevernstenesta, kompetansemiljø og brukarorganisasjonar på barnevernsfeltet i Vestland.
Påmeldingsfrist:
6. september 2021 00:00