Webinar om spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Dato:
12. mai 2021 12:00 - 13:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane
Påmeldingsfrist:
11. mai 2021 23:00

Statsforvaltaren i Vestland arrangerer webinar om tilskotsordninga "Spesielle miljøtiltak i landbruket" (SMIL) 12. mai. Vi har òg fått med oss Oda Gundersen frå Landbruksdirektoratet som innleiar.

Publisert 03.05.2021

Føremålet med SMIL er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere forureininga i jordbruket, utover det som er venta gjennom vanleg jordbruksdrift. Prosjekt og tiltak skal prioriterast ut frå lokale målsettingar og strategiar. Forvaltninga av ordninga krev såleis mykje skjønn og vurdering. Vi ønskjer gjennom dette webinaret å sette lys på kva handlingsrom som ligg i lovverket, og stiller spørsmålet, kva er spesielle miljøtiltak og kva ligg i omgrepet «vanleg jordbruksdrift». Vi legg opp til mykje diskusjon, og oppfordrar alle om å ta opp aktuelle problemstillingar.

Tema: 
Kva er spesielle miljøtiltak og kva ligg i omgrepet “vanleg jordbruksdrift”?
Drøfting og diskusjon.

Du får tilsendt lenke til møtet i forkant av webinaret.

Påmeldingsfrist er 11. mai.

 

Påmelding til webinar om SMIL

Dato:
12. mai 2021 12:00 - 13:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane
Påmeldingsfrist:
11. mai 2021 23:00