Dialog SKOG nr.3 - kva er god hjorte- og skogforvaltning?

Dato:
19. mai 2021 09:00 - 10:15
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i samarbeid med Skogkurs, HVL og Bjørnafjorden kommune
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men sjølvsagt opent for eksterne deltakarar også.
Hjorten vs. granskogbruk

Hjort er elska som jaktbart dyr, naturoppleving og som steik på tallerken, men er også eit skogsskadedyr på Vestlandet. Høg hjortestamme og kvalitetsskog på same areal er vanskeleg å få til. Statsforvaltaren inviterer til Dialog SKOG.

Publisert 16.04.2021

Auka hjortejakt er avgjerande på kort sikt - dette er kjent kunnskap frå dei «hjortesterke» landa i Europa. Betre dyrehelse er og eit argument for meir jakt. Korleis kan kommunane forvalte hjortestammen betre? I tillegg vil vi gje nokre enkle tips korleis skogeigaren kan ivareta utsett skog. Påmelding som vanleg via våre nettsider. 

Program:  

Statsforvaltaren     

Velkomen, køyrereglar for dette møtet     

Dirk Kohlmann    

fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar     

9.00 – 9.05  

Skogkurs  

Korleis oppnår vi betre og heilskapleg hjorte- og skogforvaltning?  

 

Nok hjort 2021 – 25; eit prosjekt med fokus på å nå mål og realisere ønskja endringar i hjorteforvaltninga.

Øyvind Juliussen  

prosjektleiar entrepenør-skogbruk, jakt, viltforvaltning og utmarksnæring 

 

Arve Aarhus  

prosjektleiar  

9.05 – 9.35  

Bjørnafjorden kommune  

God skogforvaltning krev god hjorteforvaltning. Nokre enkle tips i kvardagen.  

Simon Wolff 

skogbrukssjef med ansvar for viltforvaltning  

9.35 - 9.50  

Høgskulen på Vestlandet  

Hjorten som landskapsingeniør: kva veit vi og korleis kan dette endre skogforvaltninga lokalt?  

Stein Joar Hegland  

økolog  

9.50 - 10.05  

Innspelsrunde, tilbakemeldingar, spørsmål undervegs    

    

10.05 – 10.15 

 

Velkomen til Dialog SKOG 3/21

Dato:
19. mai 2021 09:00 - 10:15
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i samarbeid med Skogkurs, HVL og Bjørnafjorden kommune
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men sjølvsagt opent for eksterne deltakarar også.

Kontaktpersonar

Hjortejakt er også en del av skogforvaltninga.