Webinar om solenergi på garden

Dato:
27. mai 2021 10:00 - 11:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Norges Vel, Innovasjon Norge og Norges Bondelag
Målgruppe:
I all hovudsak gardbrukarar, rådgjevingstenesta og andre interesserte solelskarar.
Solcelleanlegg på eit gardsbruk i Vik kommune, foto: Per Langeland Tistel
Solcelleanlegg på eit gardsbruk i Vik kommune, foto: Per Langeland Tistel

Vil du finne ut meir om moglegheitene for solcelleanlegg på garden din? Statsforvaltaren i Vestland, Innovasjon NorgeVestland Bondelag og Norges Vel inviterer til fagleg påfyll.

Publisert 21.04.2021

Statsforvaltaren har tru på at bonden kan ha gevinst av å investere i solenergifangst på takflater. Innovasjon Norge støtter slike investeringar med inntil 35% og fleire leverandørar er klare til å installere utstyr på nettopp taket ditt. Ei kjapp spørjeundersøking haust 2020 i regi av Statsforvaltaren i Vestland kjem til følgjande konklusjonar: 

  • Over 70% av bøndene som svarte, vurderer å investere i eit anlegg. 
  • Dei har høgast straumforbruk til oppvarming og i produksjonen. 
  • Eit fleirtal er usikkert om investeringa vil lønne seg...
  • ...og investeringskostnaden vert sett som den største hindringa. 
  • Men dei fleste ønskjer å lære meir om dette temaet. 

Webinaret gjev ei kort innføring i tekniske løysingar, vurderingar rundt investering, økonomi mm. Vi vil også vise ein liten film om ei vellukka løysing hjå ein lokal gardbrukar som har investert i solcelleanlegg.  

Innovasjon Norge vil informere om sine støtteordningar til solcelleanlegg. Individuell oppfølging og rådgjeving på gardsnivå vil vere mogleg i etterkant av fagseminaret.  

Landbruket er ein del av løysinga for klimautfordringane, så meld deg på fagseminaret mai 2021. 

Påmelding som vanleg via våre nettsider. 

Førebels program: 

Statsforvaltaren  

Velkomen, køyrereglar for dette møtet   

Dirk Kohlmann  

fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar   

10.00 – 10.05  

Vestland Bondelag 

Kva spørsmål sit bonden med? 
Entusiasme og motførestillingar i landbruksnæringa 

Geir Totland 

rådgjevar 

10.05 – 10.15 

Norges vel 

Kva er løysingar for vestlandsbonden?  
Kva er tilgjengelege ressursar på garden din og når vert anlegget lønnsamt? 

Tore Filbakk  

seniorrådgjevar 

10.15 – 11.00 

Statsforvaltaren 

Film frå eit gardsbruk i Vik kommune som har investert i solcelleanlegg. 

Bastian Hoffmann 

seniorrådgjevar 

Dirk Kohlmann 

11.00 – 11.15 

Innovasjon Norge  

Støtteordningar knytt til solenergi.
Korleis går ein fram for å søkje? 

Olve Sæhlie 

programansvarleg 

11.15 – 11.30 

Innspel, tilbakemeldingar, spørsmål undervegs 

 

 

 

Påmelding - webinar om solenergi 27.mai

Dato:
27. mai 2021 10:00 - 11:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Norges Vel, Innovasjon Norge og Norges Bondelag
Målgruppe:
I all hovudsak gardbrukarar, rådgjevingstenesta og andre interesserte solelskarar.