Regelverkssamling om nærskule og skulebyte

Dato:
20. april 2021 10:30 - 13:00
Stad:
Teams-møte
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i kommunen som arbeider med nærskule/skulebyte
Påmeldingsfrist:
13. april 2021 00:00

Behandlar du saker om nærskuleretten til grunnskuleelevar eller skulebyte? Bli med på digital samling 20. april.

Publisert 16.02.2021

Vi har gleda av å invitere deg til regelverkssamling om nærskule og skulebyte. Samlinga er relevant for alle som arbeider med nærskuleretten og søknader om skulebyte etter opplæringslova § 8-1, og klager på slike vedtak. Vi oppfordrar tilsette i kommunane som arbeider med temaet til å melde seg på.

Samlinga skal bidra til lik forståing og praktisering av regelverket. Vi vil gå gjennom innhaldet i nærskuleretten og reglane om skulebyte, og sjå nærmare på sentrale vurderingar og problemstillingar som saksbehandlarar i kommunane kan møte på når dei skal gjere enkeltvedtak etter desse føresegnene. For å belyse dette vil vi trekke fram eigne erfaringar frå klagesaker som har vore til behandling hos oss som klageinstans. Under temaet skulebyte vil vi ha særleg fokus på dei nyaste føringane frå Sivilombudsmannen.

Samlinga blir gjennomført på Teams. Innkallinga vil bli sendt til e-postadressa til dei som melder seg på. Møtet har ei øvre grense på 250 deltakarar, og vi legg opp til førstemann til mølla. Dette kan føre til at vi må kutte ned på tal deltakarar, til dømes frå den enkelte kommune. I så tilfelle vil de få beskjed om dette.

Dei som ønsker å sende inn spørsmål i forkant kan skrive dei inn i påmeldingsskjemaet, eller sende dei på e-post til kontaktpersonen: fmhooho@statsforvalteren.no.

Følg denne lenkja for å melde deg på: Påmeldingslenke.

Påmeldingsfrist: 13. april 2021.

PowerPoint-presentasjon vil bli lagt ut på nettsida her i forkant av samlinga.

Vel møtt!

Dato:
20. april 2021 10:30 - 13:00
Stad:
Teams-møte
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i kommunen som arbeider med nærskule/skulebyte
Påmeldingsfrist:
13. april 2021 00:00