Fagsamling i regi av utviklingsprosjektet "Betre hjelpetiltak i barnevernet"

Dato:
20. april 2021 09:00 - 11:30
Stad:
Teams (digital samling)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland saman med kommunane Stad, Gloppen og Stryn
Målgruppe:
Tiltaksarbeidarar som gjev omsorgsendrande rettleiingstiltak heimla i lov om barneverntenester
Påmeldingsfrist:
14. april 2021 23:59

Vi inviterer til fagsamling med Øivin Christiansen frå NORCE RKBU Vest. Tema er føresetnader for å kome godt i gong med hjelpetiltak i barnevernet. Påmeldinga er open. 

Publisert 26.03.2021

Målet i utviklingsprosjektet «Betre hjelpetiltak i barnevernet» er å heve kompetansen til tiltaksarbeidarar som jobbar i barnevernet. Vi har etablert eit nettverk for tiltakspersonar frå alle kommunane i gamle Sogn og Fjordane som samlast jamnleg. I tillegg planlegg utviklingsprosjektet å arrangere fagdagar der tiltaksarbeidarar frå heile Vestland vert invitert.  

Vi inviterer no til den første fagsamlinga, og her vil Øivin Christiansen sette fokus på deg som tiltaksarbeidar og kva som skal til for å kome godt i gong med rett hjelp og tiltak i familiar. Han oppmodar til refleksjon over spørsmåla:

  • Kva fremmar og hemmar samarbeidet med familien?
  • Kva er omfattande nok hjelp?
  • Kva er mi rolle og oppgåve når det gjeld tiltaksplan, evaluering og rapportering?

Det er ønskeleg at de sit saman i mindre grupper på arbeidsplassane då det vert lagt opp til drøfting i lag undervegs. Det blir ikkje delt opp i teamsgrupper.

Praktiske spørsmål kan rettast til Marion Vik, kontaktperson for prosjektgruppa.

Dato:
20. april 2021 09:00 - 11:30
Stad:
Teams (digital samling)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland saman med kommunane Stad, Gloppen og Stryn
Målgruppe:
Tiltaksarbeidarar som gjev omsorgsendrande rettleiingstiltak heimla i lov om barneverntenester
Påmeldingsfrist:
14. april 2021 23:59

Kontaktperson

Kontaktperson for prosjektgruppa