Digitalt basiskurs i økonomisk rådgjeving

Dato:
7. april 2021 09:15 - 13:15
Stad:
Digitalt - livstream via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Rettleiarar i Nav, tilsette i barnevernstenesta og tilsette i oppfølgingstenester
Påmeldingsfrist:
5. april 2021 23:59

Målet med basiskurset er å gje deltakarane kunnskap om å avdekkje og førebyggje økonomiske problem, uavhengig av stilling og arbeidsoppgåver.

Publisert 08.03.2021, Oppdatert 22.03.2021

Dette kurset er ein del av Statsforvaltarens kursrekkje innan økonomisk rådgjeving, og det første kurset i ei rekkje på tre; basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs.

Kurset er digitalt, og vert streama via Teams. Vi opnar for dialog og spørsmål. Det er mogeleg med inntil 295 deltakarar på kurset. Dei som er påmeldt får tilsendt møteinnkalling på e-post med lenkje til teamsmøtet seinast kl. 8.00 den 24. mars.

Kurset varer frå kl. 9.15-13.15. I vår tilbyr vi eitt basiskurs. 

Føredragshaldarar på basiskurset er Inger-Helene Søgnen og Elisabeth Lund-Iversen frå Statsforvaltaren i Vestland.

Dette er kurset for deg som:

  • Arbeider i kommunale oppfølgingstenester (bustad, rus og psykisk helse)
  • Arbeider i barnevernstenesta
  • Arbeider med statlege oppgåver i Nav-kontor
  • Er nytilsett i Nav-kontor, eller treng heilt grunnleggjande kunnskap om økonomisk rådgjeving

Om du har delteke på grunn- eller vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving tidlegare, er du ikkje i målgruppa for dette kurset. Om du er usikker på om du er i målgruppa, ta kontakt med Inger-Helene Søgnen eller Elisabeth Lund-Iversen. Kontaktinformasjon finn du under fana «Kontaktpersonar».

Kva nytteverdi har det å kunne noko om tenesta økonomisk rådgjeving?

Økonomisk rådgjeving er ein lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova paragraf 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret. Tilsette i Nav-kontora og tilsette i tenester som samhandlar med Nav, må difor ha grunnleggjande kunnskap om tenesta.

Mange kan ha økonomiske bekymringar eller problem sjølv om dei ikkje fortel om det. Basiskurset vil difor vere nyttig for deg som rettleiar i Nav-kontoret, i barnevernstenesta eller i kommunale oppfølgingstenester, sjølv om brukar ikkje er i kontakt med deg for å få økonomisk råd og rettleiing, men for anna oppfølging.

Etter kurset skal du ha:

  • kunnskap om bakgrunn for økonomiske problem​
  • kunnskap om korleis du fangar opp brukarar med økonomiske bekymringar eller problem​
  • kunnskap om korleis du kan førebyggje økonomiske problem ​
  • auka medvit om kva økonomiske problem kan føra med seg ​
  • kunnskap og informasjon om tenesta økonomisk rådgjeving
  • kjennskap til ulike tiltak – mellom anna utleggstrekk

For å få tilstrekkeleg kompetanse innan økonomisk rådgjeving, tilrår vi at Nav-tilsette og deltek på grunnkurs. I vår tilbyr Statsforvaltaren grunnkurs 20-21. april  og 10-11. mai. Det vidaregåande kurset rettar seg mot Nav-tilsette som skal arbeide konkret med økonomisk rådgjeving, og vi tilbyr vidaregåande kurs 8-9. juni. Klikk på datoane for meir informasjon og påmelding til desse kursa.

Dato:
7. april 2021 09:15 - 13:15
Stad:
Digitalt - livstream via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Rettleiarar i Nav, tilsette i barnevernstenesta og tilsette i oppfølgingstenester
Påmeldingsfrist:
5. april 2021 23:59

Kontaktpersonar