Digital fagdag om førebygging av sjølvmord blant vaksne

Dato:
12. november 2020 09:00 - 12:00
Stad:
Microsoft Teams - oppkoplingslenke blir sendt til deltakarane
Arrangør:
RVTS Vest, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Rogaland, RKBU, KoRus Bergen, KoRus Stavanger og NAPHA.
Målgruppe:
tilsette på alle nivå i kommunale helse- og omsorgstenester som jobbar med vaksne

Lær meir om korleis du kan møte vaksne som strevar med sjølvmordstankar. Presentasjon frå samlinga, og oppgåver til drøfting er no lagt ut.

Publisert 25.09.2020

Du finn desse under «Dokument».

Kommunens helse- og omsorgstenester skal førebygge, avdekke, avverje og følge opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk. RVTS Vest i samarbeid med fylkesmannen og andre samarbeidspartar inviterer til digital fagdag om dette viktige tema.

Her kan du sjå fullt program, og melde deg på fagdagen. Påmeldingsfrist er 5. november.

På fagdagen vil du lære meir om:

  • Korleis oppdage at nokon er i sjølvmordfare
  • Korleis førebygge sjølvmord
  • Konkrete verktøy for å intervenere ved sjølvmordsfare/kva ein bør gjere dersom ein mistenkjer at nokon er i sjølvmordsfare
  • Hjelp til hjelparen: korleis vert me påverka av arbeidet vårt?

I etterkant av fagdagen vil vi gje ut refleksjonsoppgåver som de kan nytte på eigen arbeidsplass for å drøfte ulike problemstillingar knytt til oppfølging av sjølvmordsproblematikk.  Vi oppmodar fleire tilsette frå same arbeidsplass om å følgje den digitale fagdagen saman, og å setje av tid til å drøfte dette i etterkant av samlinga.

Dato:
12. november 2020 09:00 - 12:00
Stad:
Microsoft Teams - oppkoplingslenke blir sendt til deltakarane
Arrangør:
RVTS Vest, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Rogaland, RKBU, KoRus Bergen, KoRus Stavanger og NAPHA.
Målgruppe:
tilsette på alle nivå i kommunale helse- og omsorgstenester som jobbar med vaksne