Fellessamling for barnevernleiarar og læringsnettverka i Vestland

Dato:
16. oktober 2019 10:00 - 17. oktober 2019 15:00
Stad:
Clarion Bergen Airport, Flesland.
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Leiarar og ressurspersonar i barneverntenestene, prosjektgruppene og kompetansemiljøa.

Vi har glede av å invitere til første barnevernleiarsamling for alle kommunane i nye Vestland. Styringsgruppa har invitert Helsetilsynet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Barnesakkyndig kommisjon, Norwegian Research Center, kompetansemiljøa og brukarorganisasjonar med interesse for barnevern her på Vestlandet til å halde innlegg på samlinga. Prosjektgruppene for dei pågåande utviklingsprosjekta kjem òg for å fortelje om sitt arbeid og sine erfaringar.

Publisert 06.06.2019

Vi skal no legge rammene for samarbeid mellom Fylkesmannen, kommunane og kompetansemiljøa for dei neste åra. Dette er ei anledning til at de som leiarar kan gje innspel til kva som er nyttig for dykkar teneste når vi frå 2020 blir eit større fylke. Samlinga vil rette fokus mot korleis vi i fellesskap kan sikra at borna og familiane som treng hjelp frå barnevernet i Vestland får den hjelpa dei treng, no og i framtida.

Vi håpar å få til ei samling der de som kjem skal få relevant informasjon frå ulike aktørar på barnevernfeltet, inspirasjon til å drive tenesteutvikling og ein arena der vi kan ha dialog og etablere kontakt mellom ulike kommunar , aktørar og kompetansemiljø. Det skal òg væra rom for å stille spørsmål og komme med innspel i løpet av desse to dagane.

Samlinga er gratis. Fylkesmannen dekkjer overnatting frå onsdag til torsdag. Kommunane må sjølv dekke reiseutgifter. Om de ynskjer å melde på meir enn to deltakarar frå dykkar kommune, ber vi om at de sender førespurnad på mail, de same gjeld om de treng overnatting i forkant eller etterkant av samlinga.  

Her er endeleg program, og påmelding finn de under.

På våre heimesider kan de lese meir om læringsnettverka.

Dato:
16. oktober 2019 10:00 - 17. oktober 2019 15:00
Stad:
Clarion Bergen Airport, Flesland.
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Leiarar og ressurspersonar i barneverntenestene, prosjektgruppene og kompetansemiljøa.