Fagsamling om bruk av tvang mot personar med utviklingshemming etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Dato:
29. oktober 2019 09:30 - 15:00
Stad:
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Hordaland og Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Vestland inviterer overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 i kommunane til fagsamling. Programmet er no klart, og påmeldingsfristen går ut 20. september. 

Publisert 16.08.2019

Tema for dagen er mellom anna rolla som overordna fagleg ansvarleg, saksbehandling etter reglane i kapittel 9, Fylkesmannen sine erfaringar frå tilsyn og saksbehandling. 

Vi minner om at samlinga berre er for dei med overordna fagleg ansvar for kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova. 

Det vert i tillegg sett av tid til erfaringsutveksling, spørsmål og drøftingar. Vi inviterer kommunane til å sende inn tema eller problemstillingar de ønskjer å ta opp. Har du problemstillingar du ønskjer å ta opp på samlinga, send dei på e-post til Ørjan Moldestad, som de finn under «Kontaktpersonar», seinast 20. september. 

Program for samlinga finn du under «Dokument». 

Det blir servert lunsj, kaffi og frukt på møtet. For deltakarar med lang reiseveg, dekker vi overnatting frå 28. til 29. oktober. 

Samlinga er gratis, men påmeldinga er bindande. Deltakarar som ikkje møter utan å gi beskjed vert fakturert med 545 kroner. Dei som bestiller overnatting og ikkje møter, blir fakturert for overnattingskostnadene. 

Dato:
29. oktober 2019 09:30 - 15:00
Stad:
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Hordaland og Sogn og Fjordane