Samling for PPT-leiarane i Hordaland og i Sogn og Fjordane

Dato:
18. september 2019 - 19. september 2019
Stad:
Bergen, Grand Hotel Terminus
Arrangør:
Fylkesmannen v/Hanne Melander og Helge Pedersen
Målgruppe:
PPT-leiarar

Tema for samlinga vil særleg dreie seg om læreplanfornying og PPT si rolla i framtida. Vi vil også drøfte andre aktuelle saker. 

Publisert 29.04.2019

Fylkesmannen i Vestland inviterer med dette PPT-leiarane i kommunane og i fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane til samling 18. og 19. september 2019. Samlinga er lagt til Grand Hotel Terminus i Bergen.

Frå 1. januar 2019 blei fylkesmannsembeta til Fylkesmannen i Vestland, og frå 1. januar 2020 blir våre noverande fylkeskommunar til Vestland. Samlinga har også som siktemål at PPT-leiarane skal bli kjende med kvarandre og få kjennskap til dei nye strukturane i kommunane og i fylkeskommunen.

Praktisk informasjon og påmelding:

Frist for påmelding: måndag 10. juni 2019. Påmeldinga er bindande. Det er inga konferanseavgift.

Deltakarane må sjølve tinga rom på konferansehotellet innan 10. juni 2019 og vere ansvarlege for kostnadene. Pris for enkeltrom: kr 1190,-.  

Reservasjon på e-post  booking@grandterminus.no eller til telefon 55 21 25 00. Vis til bookingkoden  4226909  ved bestilling av rom.

Sjå vedlagt program.

 

Dato:
18. september 2019 - 19. september 2019
Stad:
Bergen, Grand Hotel Terminus
Arrangør:
Fylkesmannen v/Hanne Melander og Helge Pedersen
Målgruppe:
PPT-leiarar

Dokument