Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving 9. mai 2019

Dato:
9. mai 2019 09:00 - 15:00
Stad:
Statens hus, Kaigaten 9, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve

Tema for samlinga blir "fra minus til pluss" og innlegg frå Husbanken. Samlinga er flytta til Statens hus, Kaigaten 9, Bergen. 

Publisert 14.03.2019

Til samlinga kjem Arman Vestad og presenterer programmet "Fra minus til pluss" og Husbanken presenterer nyttige ordningar for dei økonomiske rådgjevarane å kjenne til. 

Det blir lagt opp til gruppediskusjonar mellom deltakarane i tilknytning til innlegget frå Vestad.

Program for samlinga finn du under fana "Dokument".

Praktisk informasjon og påmelding

Oppmøte og registrering i resepsjonen på Statens hus frå kl. 08.40.

Samlinga er gratis, og deltakarane får servert enkel lunsj. Om du har matallergiar, eller det er anna informasjon som er viktig for arrangør å vite om, opplyser du om dette i merknadsfeltet i påmeldinga.

Vi sender ut endeleg stadfesting om tildelt plass på samlinga seinast veka etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Av hensyn til bestilling av overnatting, er påmeldingsfristen satt til onsdag 24. april 2019 kl. 23:59.

Fylkesmannen i Vestland bestiller og dekkjer kostnad med hotellovernatting 8-9. mai 2019 for deltakarar som treng det grunna lang reiseveg. Denne regelen blir praktisert strengt. Dei som har behov for overnatting melder frå om det i påmeldingsskjemaet.

Fylkesmannen dekkjer ikke reiseutgifter i samband med samlinga.

Meld deg på samlinga her:

Deltakarar med lang reiseveg kan be om overnatting. Andre deltakarar vel "Nei" her.

Treng du overnatting frå 8. mai til 9. mai?
Dato:
9. mai 2019 09:00 - 15:00
Stad:
Statens hus, Kaigaten 9, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve

Kontaktpersonar