Dagssamling om kvalifiseringsprogrammet 23. mai 2019

Dato:
23. mai 2019 10:00 - 16:00
Stad:
Scandic Sunnfjord hotell, Storehaugen 2, Førde
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har eller skal ha KVP som sitt fagfelt, og som har lite erfaring med tenesta. Nav-tilsette som opplever at dei er usikre på KVP, eller arbeider mykje åleine på området. Nav-leiarar er også velkomne.

Fylkesmannen i Vestland inviterer i samarbeid med Nav Vestland til dagssamling om kvalifiseringsprogrammet (KVP). Målet med samlinga er å bidra til auka bruk av KVP i Nav-kontor som har få deltakarar i KVP og/eller lita erfaring med KVP.

Publisert 12.04.2019

På samlinga vil vi ha ein kort gjennomgang av regelverket om KVP og to Nav-kontor vil dele sine erfaringar om korleis dei finn aktuelle kandidatar til KVP og korleis dei lagar gode KVP-program.

Endeleg program kjem.

Eigne førebuingar til samlinga

For at du skal få størst mogeleg utbytte ber vi om at du før samlinga har lest regelverket om KVP i Rundskriv Hovednummer 35 til sosialtjenesteloven, frå paragraf 29 til paragraf 40. Rundskrivet finn du under fana "Lenkjer".        

Dersom du har spørsmål eller problemstillingar knytt til KVP, om regelverket eller arbeidet med KVP, så send dei på e-post innan påmeldingsfrist til Fylkesmannen ved Siren R. Skjerven. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". På samlinga vil vi prøve å svare på dei spørsmål som vi har motteke innan frist, og som er aktuelle for samlinga.

Praktisk om samlinga

Om det blir fleire påmelde enn tal plassar vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor med få KVP-deltakarar får delta.

Kostnad

Samlinga er gratis. Påmelde som melder seg av samlinga etter påmeldingsfrist eller ikkje møter, må sjølv dekke utgiftene med dagpakke.

Fylkesmannen dekker ikkje kostnader med reise eller overnatting.

Dato:
23. mai 2019 10:00 - 16:00
Stad:
Scandic Sunnfjord hotell, Storehaugen 2, Førde
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har eller skal ha KVP som sitt fagfelt, og som har lite erfaring med tenesta. Nav-tilsette som opplever at dei er usikre på KVP, eller arbeider mykje åleine på området. Nav-leiarar er også velkomne.