Semje om økonomisk oppgjer etter grensejusteringa på Bryggja

Gjennom mekling i regi av Fylkesmannen har kommunane Kinn og Stad 21. desember blitt samde om eit økonomisk oppgjer på 30 mill. kroner etter grensejusteringa på Bryggja. Avtalen er gjort med atterhald om politisk godkjenning i kommunestyra.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.12.2020

Kommunane er derimot ikkje samde om det også skal gjennomførast eit oppgjer om erstatning. Kinn kommune vil såleis innan 31.12.2020 krevje handsaming i ei skjønnsnemnd for det som gjeld erstatningstema.

Meklinga vart gjennomført i ei god tone, der det var tydeleg vilje til forhandlingar, og der båe partane var innstilte på å kome til semje.

Kontaktpersonar:

  • Kinn kommune: Ordførar Ola Teigen, tlf. 975 48 023
  • Stad kommune: Varaordførar Siri Sandvik, tlf. 926 43 963
  • Fylkesmannen i Vestland: fylkesmann Lars Sponheim, tlf. 930 63 594

Du finn referat og protokoll til høgre i artikkelen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.