Innbyggjarundersøking i Alver kommune

Kartutsnitt som markerer området Indrefjorden.
Kartutsnitt av det aktuelle området.

I perioden 4.–15. august 2025 vert det gjennomført ei innbyggjarundersøking i ein mindre del av Alver kommune. Undersøkina handlar om eventuell grensejustering mellom Alver kommune og Modalen kommune, alternativt Masfjorden kommune.

Publisert 11.07.2025

Dette gjeld eit område i indre del av Alver kommune, som strekk seg om lag frå Eikefett-tunellen mot kommunegrensene til Modalen (nordaust) og Masfjorden (nordvest). Området omfattar mellom anna bygdene Vikanes og Romarheim, og innbyggjarane i området har postnummer 5994 Vikanes. I innbyggjarinitiativet er området omtalt som gamle Romarheim–Urdal skulekrins eller Indrefjorden. Området er markert med oransje farge i kartutsnittet over.

Innbyggjarundersøkinga vert utført av Opinion AS på oppdrag frå Statsforvaltaren i Vestland. Undersøkinga vert gjennomført ved at alle innbyggjarane over 18 år (fyller 18 år i løpet av 2025), og som er folkeregistrerte i det aktuelle området, vert oppringt i det aktuelle tidsrommet. Innbyggjarane får mellom anna høve til å seie si meining om området skal bli ein del av Modalen kommune, alternativt Masfjorden kommune. Opinion AS kjem til å ringe innbyggjarane i området frå telefonnummer 21 30 04 50 i samband med undersøkinga.

Bakgrunn

Bakgrunnen for saka er at det er fremja eit innbyggjarinitiativ om at det aktuelle området i Alver kommune skal bli ein del av Modalen kommune, alternativt Masfjorden kommune. Saka har vore på høyring hos dei involverte kommunane, og Statsforvaltaren har tidlegare tilrådd at det ikkje var grunnlag for ei vidare utgreiing.

Etter klage til Kommunal- og distriktsdepartementet, har Statsforvaltaren fått i oppdrag av departementet å greie ut saka vidare, der det mellom anna skal gjennomførast ei innbyggjarhøyring som del av utgreiinga. I samband med oppdraget skal dei involverte kommunane og Kartverket også få høve til å uttale seg i saka, før Statsforvaltaren skal gje ei tilråding til departementet. Målet er å ha klar ei tilråding i løpet av hausten, og seinast innan utgangen av 2025.


Under dokument finn de oppdragsbrevet Statsforvaltaren har fått frå Kommunal- og distriktsdepartementet i saka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.