Søknad om løyve til anleggsarbeid i sjø, Hysstadvika Stord Vatn og Avløp
- Høyringsfrist:
- 9. januar 2026 23:00
Stord Vatn og Avløp søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider i sjø. Formålet er å etablere to nye avløpspumpestasjonar, der ein skal plasserast på utfylling i sjø.
Publisert 03.12.2025
Multiconsult har i vedlagte søknad risikovurert arbeida og føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2025/18284. Frist for å gje fråsegn er 9. januar 2026.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 9. januar 2026 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35