Søknad om utfylling i sjø i Simonsviken på Laksevåg

Høyringsfrist:
22. november 2022 23:00

Simonsviken Næringspark AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling av ca. 40 000 m³ i sjø for å auke areala ved industriområde i Simonsviken i Bergen kommune

Publisert 14.09.2022
Oversiktsbilde over Simonsviken med djupnekotar. Raud firkant viser område for utfylling
Oversiktsbilde over Simonsviken med djupnekotar. Raud firkant viser område for utfylling

Om tiltaket

Simonsviken Næringspark AS ønskjer å utvide areala ved industriområdet på Laksevåg med ei utfylling av omlag 40 000 m3 i sjø. Utfyllinga vil skje utanfor Gbnr. 149/4 i Bergen kommune, og er planlagt med bruk av gravemaskiner frå land.

Plan for utfylling og kai markert i raudt
Plan for utfylling og kai markert i raudt

Det er påvist miljøgifter i området ved Simonsviken. Miljøtilstanden til sedimenta er generelt dårleg til svært dårleg (tilstandsklasse 4-5) for bly, kopar, kvikksølv, sink, TBT, PAH, og benzo(a)pyren.

Utfyllinga er tenkt med tre ulike typar massar. Først finknust materiale for å forsegle forureininga. Dette hindrar spreiinga av forureina partiklar under utlegging av større fraksjonar. Deretter eit lag av fraksjon med diameter <0,5 m for å hindre grunnbrot. Til slutt blir det fyllt opp med sprengstein. Forureina sediment vil då bli liggande igjen under utfyllte steinmassar.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2022/8533. Frist for å gje fråsegn er forlenga til 22. november 2022 etter anmoding frå Bergen kommune om utsett høyringsfrist.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.