Tilrår at samanslåingskommunar rapporterer allereie no

Kommunar som har fått tilskot til psykologar i 2019 kan allereie no rapportere om dette til fylkesmannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.11.2019

Vi tilrår at kvar av kommunane som blir slått saman frå 1. januar 2020, rapporterer innan utgangen av desember 2019.  Rapporteringsskjemaet er klar til bruk.

Her finn du skjema for rapportering på tilskot til psykologar i kommunen for 2019

Rapporteringsfristen er 1. februar

Kommunane som har fått tilskot i 2019, også dei som overfører heile tilskotet til 2020, skal rapportere.  Rapporteringsfristen er 1. februar 2020.  Frå 1. januar 2020 blir skjemaet oppdatert og tilpassa den nye kommunestrukturen. Ved rapportering etter 1. januar 2020 er det den nye kommunen som har ansvaret  for rapporteringa.

Meir informasjon finn du i brevet frå Helsedirektoratet, som du finn under «Dokument».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.