Ledige verv i kontrollkommisjonane i Vestland
Det er ledige verv ved fire av kontrollkommisjonane i Vestland. Søknadsfristen er 20. september.
Publisert 19.06.2025
Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern, og Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane.
Hovudoppgåva til kontrollkommisjonane er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kontrollkommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klagar og fører velferdskontroll.
Trykk på lenkjene under for meir informasjon og søknadsprosedyre for dei ledige verva.