Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Førde sentralsjukehus, Psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga
I Kontrollkommisjonen for Førde sentralsjukehus, Psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga er det ledig verv som vara for legekyndig medlem frå 1. februar 2026. Søknadsfristen 15. desember 2025.
Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern.
Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll. Kommisjonen har faste møte.
Kommisjonen har fire faste medlemmer, kvart medlem har ein personleg varamedlem. Etter psykisk helsevernlova § 6-2 andre ledd skal medlemmene oppnemnast for fire år om gongen. Dersom alle medlemmer av ein kontrollkommisjon må oppnemnast samstundes, vert to av dei faste medlemmene og to av varamedlemmene oppnemnde for to år.
Kontrollkommisjonen skal vere samansett i tråd med reglane i likestillings- og diskrimineringslova § 28. Ved oppnemning til offentlege utval skal begge kjønn vere representerte med minst to medlemmer når utvalet har fire til fem medlemmer. Dette gjeld også ved oppnemning av varamedlemmer.
Som medlem i kontrollkommisjonen kan du ikkje arbeide i det psykiske helsevernet eller ha andre bindingar til helseføretaket eller institusjonen som høyrer inn under kontrollkommisjonen. Du må ha interesse for psykisk helsearbeid og psykisk helsevern og like å samarbeide.
Krav til kvalifikasjonar for legekyndig medlem og vara for legekyndig medlem
- Lege bør ha spesialitet i allmennmedisin. Det er òg ein fordel med lang praksis som allmennlege, gjerne erfaring frå kommunehelsetenesta, til dømes som fastlege. Ei brei samfunnsmedisinsk orientering er også verdfull.
Søknad
Send skriftleg søknad med følgjande opplysningar:
- CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
- kvifor du ønskjer å vere med i kontrollkommisjonen
- opplysningar om du har vore medlem i kontrollkommisjonen tidlegare, kva kommisjon dette var og kva periode-(ar)
- opplysningar om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
- namn på to personar som vi kan kontakte for referansar
Habilitet
I psykisk helsevernlova § 6-2 tredje ledd står det at: «Ingen kan være medlem av en kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med tiltak og institusjoner for psykisk helsevern som vedkommende har noe ansvar for i sin vanlige stilling.» Helsedirektoratet seier vidare at medlem heller ikkje bør vere tilsett i det psykiske helsevernet.
Oppnemning
Vi gjennomfører intervju, dokumentkontroll og sjekkar referansar. Oppnemningsperioden er fire år. Oppnemninga er personleg.
Helsedirektoratet legg til grunn at oppnemning til verv i kontrollkommisjon ikkje er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen
Arbeid i kontrollkommisjonen vert godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrifta §§ 64 – 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2. Reiseutgifter vert dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon blir gitt ved oppnemning. Arbeidstid varierer etter behov for dei enkelte kommisjonane. Helsedirektoratet arrangerer årlege kurs med opplæring av nye medlemmer av kontrollkommisjonane.
Send søknad til Statsforvaltaren i Vestland, på e-post: sfvlpost@statsforvalteren.no eller per post til Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Nærare opplysningar får du hos Marit Stornes, som du finn under «Kontaktpersonar».
Kontaktpersonar
-
Marit Stornes
Tlf: 55 57 22 08
Kontakt helse-, sosial- og barnevernsavdelinga
- Telefonnummer: 55 57 27 00
- Telefontid: tysdag, onsdag og torsdag frå 12.00-14.00
- Send sikker melding til Statsforvaltaren | Statsforvaltaren i Vestland
På grunn av eit arrangement er telefonkøen til sosial (tasteval 2) stengd 28.-29. oktober.