Utviklingsprogram heimetid og heimedød

Helsedirektoratet har lyst ut tilskotsmidlar til Utviklingsprogram heimetid og heimedød med søknadsfrist 15. oktober. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.06.2021

Målet med ordninga er å legge til rette for lindrande behandling og omsorg i heimen for alvorleg sjuke pasientar og deira pårørande og for ein verdig død heime – gjennom å styrke helse- og omsorgstenesta si tilrettelegging. 

Tilskotsmidlane skal nyttast til modellutvikling i tre fasar med felles aktivitetar og milepålar. Helsedirektoratet ønskjer å rekruttere kommunar som har jobba godt med dette frå før.

Kommunar som blir valde til å delta i utviklingsprogrammet får tilskot tre år på rad. 

Kommunar som vil søke på ordninga anbefalast å søke i samarbeid med eit av ressursmiljø på området lindrande behandling og omsorg, eller rettleiing ved utforming av søknad:

  • Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester
  • Regionalt kompetansesenter for lindrende behandling
  • Senter for omsorgsforskning

Les meir om tilskotet på heimesida til Helsedirektoratet. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.