Rapportering på valdshendingar på sjukeheimar

Helsedirektoratet har utarbeidd ein rapport som ser på omfanget av valdshendingar på sjukeheimar, og kjem med døme frå kommunar som arbeider godt med avvikshandtering og førebygging.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.07.2021

Vald, overgrep og forsømmingar er eit alvorleg problem i sjukeheimar. Dette viser NTNU sitt ferske forskingsprosjekt om vald og overgrep i sjukeheimar, og Aftenposten sine avsløringar i 2019. Helsedirektoratet har kartlagt omfanget, og laga ei oversikt over god praksis med avvikshandtering og førebygging.

Resultatet frå studien viser at 76 prosent av pleietilsette hadde ved minst ei anledning observert ein kollega utøve vald, overgrep eller forsømming mot bebuar, mens rundt 60 prosent av dei pleietilsette rapporterte å sjølv ha gjort minst ei slik handling sjølv i løpet av det siste året.

Rapporten kjem òg med oppsummering av suksesskriterium som går igjen hjå dei av kommunane som arbeider godt med problemstillinga. Desse er

  1. systematisk merksemd på tema,
  2. systematisk arbeid med avvik og rutinar,
  3. opplæring og kursing,
  4. personsentrert omsorg og
  5. organisatoriske grep.

Du kan lese meir om rapporten herregjeringa sine sider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.