Sosialstønad til husleige

Har ungdom som bur heime hjå foreldra rett på sosialstønad til husleige?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.06.2021

Dei som ikkje har pengar til å dekkje sine livsopphaldsutgifter har i utgangspunktet krav på sosialstønad til husleige. Spørsmålet er om dette også gjeld for ungdom som bur heime, og foreldra ikkje lenger har forsørgjaransvar etter barnelova. Vi hjå Statsforvaltaren har sett ein del tilfelle der ungdomen presenterer ein husleigekontrakt dei har med foreldra, og søkjer Nav om sosialstønad til denne husleiga. Samtidig ser vi at nokre Nav-kontor ikkje aksepterer slike leigekontraktar, og difor avslår søknaden heilt eller delvis.

Det er Arbeids- og velferdsdirektoratet som har fullmakt til å tolke sosialtenestelova, og ettersom dette spørsmålet ikkje er avklart i sosialtenestelova eller i rundskrivet til lova, bad Fylkesmannen i Hordaland om at Arbeids- og velferdsdirektoratet avklarte kva reglar som gjeld.

Spørsmålet var om Nav ved utmåling av sosialstønad kan sjå bort frå den husleiga som er fastsett i leigekontrakten dersom den som søkjer om sosialstønad er ung og bur hjå foreldra, og om det i tilfelle er avgjerande om ungdom bur i ei sjølvstendig utleigeeining eller ikkje. Direktoratet har svart på spørsmåla, og vi legg direktoratets lovtolking til grunn ved klagebehandling og tilsyn. I korttekst svarte direktoratet slik:

Kan Nav sjå bort frå den husleiga som er fastsett i leigekontrakten?

«Avtalene er bindande for partane, men på den andre sida er det ikkje slik at det offentlege er pliktig til å dekke ei kvar forplikting som ein part har tatt på seg. Det ein tenestemottakar har krav på, er å få dekt utgifter på eit rimeleg og nøkternt nivå.»

Er det avgjerande om ungdommen bur i ei sjølvstendig utleigeeining?

I svaret heiter det: «om ein bur på gutte- eller jenterommet eller disponerer eit sjølvstendig utleigeobjekt (som kjellar), [er] av betydning for berekning av stønaden. Her blir det naudsynt for NAV-kontoret å gjere ei konkret vurdering av saka basert på kjennskap til dei lokale forholda og marknaden. Når det gjelder stønad til buutgifter for gutte- eller jenterommet, vil det særleg vere aktuelt å sjå på kva ein ville fått på den opne marknaden.»

Kor mykje sosialstønad har ein i tilfelle krav på?

«Dersom ungdommen ikkje er under vidaregåande opplæring, men bur heime, vil det vere naturleg og rimeleg å leggje til grunn at han/ho betaler noko for å bu i bustaden til foreldra.» … «Det ein tenestemottakar har krav på, er å få dekt utgifter på eit rimelig og nøkternt nivå.»

Kva med eldre familiemedlemmar?

Statsforvaltaren i Vestland legg til grunn at dei reglane som Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjort greie for gjeld for alle som bur i lag med familien, altså også i tilfelle der eldre sosialstønadsmottakarar bur hjå sine vaksne barn.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.