Oskespreiing

Oppdatert 05.01.2024

Dersom du ønskjer at oska di skal spreiast for vinden, kan du sjølv søkje Statsforvaltaren om løyve til det. Også etterlatne kan få løyve til å spreie oske dersom det blir dokumentert at avdøde ønskte dette. Foreldre kan få løyve til å spreie oska etter avlidne barn under 18 år.

Oskespreiing er eit alternativ til gravlegging. Det er ikkje høve til å få namn og data på eit gravminne dersom du vel oskespreiing. Det er heller ikkje høve til å dele oska ved at ho blir spreidd på ulike stader eller ved at ein del blir gravlagt og ein annan del spreidd for vinden.

Stad for oskespreiing

  • Ved oskespreiing i sjøen er det ikkje krav om at det skal skje på ope hav. Du kan få løyve til oskespreiing også i fjordar, elvar, vassdrag og anna ferskvatn, men området må ha eit aude preg. Dersom det er mykje fritidstrafikk i området eller det er strender eller mykje utbygging, vil du normalt ikkje få løyve.
  • Når det gjeld oskespreiing på land, betyr det meir kva preg området har enn tal meter over havet. Du kan få løyve til oskespreiing i område som ikkje er utbygde, og der området har eit aude preg. Det blir lagt vekt på at oska kan gå tilbake til kretsløpet i naturen.

Slik søkjer du

Bruk gjerne det elektroniske skjemaet vårt. Skjemaet er ei sikker løysing og krev derfor innlogging via ID-porten. Søknaden blir behandla av Statsforvaltaren i det fylket der du ønskjer at oska skal spreiast.

Du kan sjølvsagt også søkje om oskespreiing i form av eit vanleg brev. Då sender du søknaden Statsforvaltaren i det fylket du ønskjer oska spreidd. For å kunne søkje må du ha fylt 15 år.

Privat gravplass

Løyve til privat gravplass blir berre gitt dersom det er særskild offentleg interesse knytt til gravstaden, for eksempel dersom gravstaden blir lagd i tilknyting til ein institusjon som er etablert med bakgrunn i den døde sitt liv og virke innan kunstnarisk, vitskapleg eller anna verksemd. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.