Regionale samlingar om gode lokalsamfunn og berekraftige tenester
Den regionale koordineringsgruppa for Bu trygt heime inviterer til samlingar for kommunane i Vestland. Erfaringsdeling på tvers av kommunar og lokalsamfunn står på dagsorden. Vi har utvida påmeldingsfristen til 22. februar.
Bu trygt heime er ei langsiktig, heilskapleg satsing, som skal bidra til at fleire kan leve gode liv i eigen heim og nærmiljø lengst mogleg. For å lukkast med dette trengst det brei deltaking, samskaping og evne til å endre arbeidsmåtar i takt med samfunnsutviklinga.
Samlinga legg til rette for at kommunane får
- dele erfaringar knytt til arbeidet med utvikling av gode lokalsamfunn og berekraftige tenester, slik at innbyggjarane kan leve gode liv heime lengst mogleg.
- gje innspel til kva kommunane treng for å lukkast med dette arbeidet.
Programmet for samlingane blir likt:
- Innleiing frå koordineringsgruppa – Korleis jobbar me for å støtte kommunane sitt arbeid?
- Erfaringsdeling
- Kva er me gode på?
- Kva utfordringar har me i arbeidet?
- Kva kan me gjere for å lukkast?
- Korleis kan det regionale nivået vere gode støttespelarar i arbeidet?
Fem samlingar
Stad |
Dato |
Kommunar |
| Bergen | 9. mars | Bergen, Vaksdal, Alver, Modalen, Masfjorden, Austrheim, Fedje, Gulen, Askøy, Øygarden, Osterøy |
| Stord | 12. mars | Etne, Stord, Bømlo, Sveio, Fitjar, Austevoll, Tysnes, Kvinnherad |
| Øystese | 17. mars | Bjørnafjorden, Samnanger, Kvam, Voss, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik |
| Leikanger | 23. mars | Vik, Aurland, Luster, Sogndal, Høyanger, Lærdal, Årdal |
| Skei | 24. mars | Stad, Gloppen, Stryn, Sunnfjord, Askvoll, Bremanger, Fjaler, Kinn, Hyllestad, Solund |
Vi ønskjer brei deltaking
Vi ønskjer at ein representant frå kommunen har oversikt over påmelde frå sin kommune. Ta kontakt med kommunen din om du er interessert i å delta. Informasjon og påmeldingsskjema er sendt til kommunane. Påmeldingsfristen er sett til utvida til 22. februar.
Vi ønskjer brei deltaking frå målgruppene. Eldrerådet bør vera representert på samlinga. I utgangspunktet har me plass til fem deltakarar frå kvar kommune.
Målgruppe:
- kommunale leiarar og nøkkelpersonar innan
- samfunns-, areal- og bustadplanlegging
- folkehelse, kultur og lokalsamfunnsutvikling
- tenesteutvikling i helse og omsorg
- arbeidsgjevar-/kompetanseutvikling
- medlemmer i eldreråda
- andre sentrale medspelarar i satsinga
Vi ser fram til nyttige og engasjerande dagar saman!
Den regionale koordineringsgruppa for Bu trygt heime består av Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune, Husbanken, KS, fylkeseldrerådet og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester.
Kontaktpersonar
Kontakt helse-, sosial- og barnevernsavdelinga
- Telefonnummer: 55 57 27 00
- Telefontid: tysdag, onsdag og torsdag frå 12.00-14.00
- Send sikker melding til Statsforvaltaren | Statsforvaltaren i Vestland