Tilsyn med faget utdanningsval
Elevane har rett på opplæring i samsvar med læreplanen i fag. I tilsynet fann vi at grensegangen mellom faget utdanningsval og utdanning- og yrkesrettleiing i praksis er flytande. Elevane fekk heller ikkje vurdering av kompetansen sin i faget i samsvar med regelverket.
Vi har gjennomført tilsyn med opplæring i faget utdanningsval i Austrheim kommune og Årås skule. I dette tilsynet kom det fram at kommunen må sikre at opplæringa sitt innhald er knytt til kompetansemål i faget. Elevane må òg få vite kva dei meistrar og rettleiing om kva dei må gjere for å auke kompetansen sin i faget utdanningsval.
Elevar har rett til opplæring etter gjeldande læreplan og til vurdering undervegs som skal fremje læringa, tilpasse undervisninga og auke kompetansen. Rektor har ansvaret for den daglege drifta på skulen og må gje lærarane føringar for arbeidet, og følgje opp at lærarane følgjer føringane. Kommunen som skuleeigar har det overordna ansvaret for opplæringa slik at elevane får opplæring i samsvar med opplæringslova.
Føremålet med faget
«Utdanningsvalg er et sentralt fag for å bidra til å gjøre elevene i stand til å ta gode utdannings- og yrkesvalg. Faget skal bidra til at elevene utvikler en trygg identitet og til at de skal kunne ta valg ut fra egne interesser og forutsetninger. Gjennom arbeidet med faget skal elevene skaffe seg kunnskap om muligheter og krav i utdanningssystemet og i arbeidslivet. Faget skal bidra til at elevene utvikler kompetanse i å håndtere overganger, bidra til deltakelse og skape forståelse for sammenhenger mellom utdanning og jobbmuligheter.»
Dette står innleiingsvis i læreplanen for faget som gjeld 8.-10. årssteg i grunnskulen.
Læreplanen er ei forskrift til opplæringslova og skal styre innhald i opplæringa i faget. Faget har vore obligatorisk på ungdomstrinnet sidan 2008, og elevane har samla 110 årstimar i faget. Faget sitt kjerneelement, det vil seie det viktigaste faglege innhaldet elevane skal arbeide med i opplæringa, er karrierekompetanse, og elevane må oppleve karrierelæringa som heilskapleg og relevant.
Utfordringar med undervisninga
Det finst likevel forsking som kan tyde på at elevar ikkje har opplevd faget som særleg rettleiande eller avgjerande for deira val av utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. «Elevene erfarer heller ikke økt innsikt i yrkes- og arbeidsliv som følge av undervisningen i faget, ifølge Åshild Berg Brekkhus sitt doktorgradsarbeid fra 2020. NIFU-rapporten fra 2012 presenterer en større evaluering av faget, som underbygger disse funnene, og viser at ungdomsskolelærere mangler kompetanse i faget og er usikre på hva det skal innebære.» Dette skriv fagtilsette på Høgskulen i Vestland i ein artikkel frå oktober 2022 .
Det står òg i Stortingsmelding 34 (2023-2024) punkt 4.4.3 om ein meir praktisk retta skule at:
«Både innspill og forskning viser likevel til flere utfordringer for undervisningen i faget utdanningsvalg. Mange peker på at faget har et uforløst potensial sammenliknet med de faglige ambisjonene og intensjonen med faget, og at det henger sammen med at faget i for stor grad blir nedprioritert på mange skoler. Forskning har også dokumentert behovet for å utvikle en fagdidaktikk for faget. Andre utfordringer som løftes fram er mangel på tverrfaglig samarbeid og prioritering av skoleledelsen.»
Det går fram av stortingsmeldinga at regjeringa framover ønskjer å styrke arbeidslivsopplæringa og vurdere om samanhengen mellom faga utdanningsval, arbeidslivsfag og valfag kan styrkast, under her vurdere behovet for endringar i desse læreplanane.