Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage

Illustrasjonsfoto (foto: Pixabay)

Regional ordning er ei kompetansesatsing for barnehagar som skal sikre alle barn eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet.

Kva er målet med den regionale ordninga?

Det er ei nasjonal målsetting at alle barn skal ha eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet, men det er i dag dokumenterte skilnadar i tilbodet barn får. Det er ikkje alle barn som får det tilbodet som er omtala i rammeplanen for barnehage. Ein viktig føresetnad for å sikre god kvalitet i barnehagetilbodet til alle barn er at dei tilsette i barnehagane har den kompetansen som trengs. Barnehagar kan ha behov for kompetanseutvikling på eit område, og samstundes ha gode kvalitetar på andre felt. Det er da viktig å løfte kvaliteten og utvikle kompetanse innanfor dei områda barnehagane har behov for. Eit anna viktig mål med ordninga er å styrke dei lokale barnehagelærarutdanningane.

Kva høgskule får barnehagen som partnar i utviklingsarbeidet?

Kompetanseutviklinga skal vere barnehagebasert, og skje i partnarskap med ei av dei lokale høgskulane i Vestland som utdannar barnehagelærarar, Høgskulen på Vestlandet eller NLA Høgskolen. Høgskulen på Vestlandet og NLA Høgskolen tek ei årleg avgjerd på kva for barnehagar dei skal ha som sine partnarar i utviklingsarbeidet. Den høgskulen som barnehagen blir tildelt vil vere barnehagen sin primære kompetansepartnar. Dersom barnehagen har ønske eller behov for å involvere andre kompetansemiljø i arbeidet, må det avklarast med høgskulen som er oppnemd som barnehagen sin primære kompetansepartnar.

Kva er barnehagebasert kompetanseutvikling?

Barnehagebasert kompetanseutvikling inneberer at dei tilsette i barnehagen deltar i ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass. Sjølve utviklingsarbeidet skal skje i den einskilde barnehage og bidra til at barnehagen utviklar sin pedagogiske praksis. Dette skal skje gjennom eit gjensidig utviklande partnarskap mellom høgskulane og barnehagane. Det betyr at høgskulen kjem ut til barnehagen og arbeider saman med personalet. Slik kan barnehagen utvikle forskingsbasert praksis, og høgskulen kan få praksisnær kompetanse som bidrar til å utvikle barnehagelærarutdanningen.

Korleis går barnehagen fram for å bli med i ordninga?

Kvar barnehage må vurdere sitt behov for kompetanseutvikling innanfor bestemde områder. Barnehagen melder frå til sin kommune (som barnehagemyndigheit) om kvifor dei treng barnehagebasert kompetanseutvikling, og på kva av dei prioriterte områda (satsingsområde) dei treng kompetanseutvikling i. Det vil vere ei årleg avgjerd i Samarbeidsforum om kva barnehagar som skal med i ordninga.

Kva er Samarbeidsforum?

Samarbeidsforum er sett saman av representantar for barnehagemyndigheiter, private og kommunale eigarar, fagforeiningar og dei lokale høgskulane i Vestland. Samarbeidsforumet har ansvar for at det blir utarbeidd ein overordna langsiktig plan for ordninga. På grunnlag av denne planen skal Samarbeidsforum utarbeide ei årleg innstilling til Statsforvaltaren om korleis kompetansemidlane skal nyttast og fordelast, og kva for barnehagar som kjem med i ordninga. Dei skal også ta initiativ og stilling til aktivitetar som kan sikre god samhandlinga mellom aktørane i Vestland. Statsforvaltaren er sekretariat for Samarbeidsforum.

I høgre meny finn du meir informasjon om ordninga. Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.